Kort om arbeidsgiver
Kommunen har i mange år hatt ei god og stabil legedekning. For tida har vi 17 fastlegar i kurativ teneste, både med private avtaleheimlar og tilsett i kommunen med fastløn og % andel av pasientinntekter. I tillegg har kommunen ein stilling for LIS1, 3 sjukeheimslegar i totalt 210% stilling og kommuneoverlege i 100 % stilling. Offentlege oppgåver ved helsestasjonar og i eldreomsorga ellers er fordelt slik at 6 av legane har 8 - 20 % stilling til offentleg allmennlegeteneste. Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario i SKY journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett og har elektronisk meldingsutveksling med pleie- og omsorgstenesta.

Kvinnherad er ein vidstrakt kommune. Legane er fordelt på fire legekontor. Det er eit godt fagleg og kollegialt fellesskap i legegruppa, god vegleiing og bakvaktordning i forhold til legevakt, godt samarbeid og samtrening med lokal ambulanseteneste.

Kommunen har etablert ein Frisklivsentralen og har tilsett folkehelsekoordinator.
 
Ledig fastlegeheimel ved Halsnøy helsesenter
Kvinnherad kommune søker etter engasjert lege til ein deleliste. Lista er på 850 og den skal deles på tiltredende lege og nåværende lege. Når seniorlegen pensjonerer seg vil tiltredande lege få ansvar for heile lista. Heimelen er lokalisert ved Halsnøy legesenter som per i dag består av 3 fastlegeheimlar med til saman eit listetak på 2400 pasientar, innbyggjartal i området er om lag tilsvarande. Organiseringa er eit felles AS for drift og investering.

Dersom du kan tenkja deg å prøva deg som fastlege i Kvinnherad, oppmodar vi deg til å søkja/ta kontakt. Kvinnherad kommune er opne for å vurdera den stillinga som fastlønna.

Stillinga inneber deltaking i legevaktordning. Vaktordninga er for tida 11-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjonen.

Det er ikkje tilplikta offentlege oppgåver til stillinga, men det kan verta aktuelt på eit seinare tidspunkt.

Alle sjølvstendig næringsdrivande fastlegar har økonomisk samarbeid og driftsavtale med kommunen. Dette inneber m.a. at kommunen held lokale, tilset og har arbeidsgjevaransvar for hjelpepersonell i forholdstal 1 hjelpepersonell per 1100 listepasientar.
 
For stillinga søkjer vi lege som har:
· norsk autorisasjon
· fullført turnuspraksis/LiS1-praksis i allmennmedisin. Det er en fordel å være under spesialisering eller ferdig spesialist
· gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Søkjarar som beherskar nordisk språk skriftleg og munnleg kan søkje
· gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling

Personlege eigenskapar, kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge vil verta vektlagt. Søkjar må ha førarkort for bil.
 
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Kvinnherad kommune hjelper til med å skaffa bustad, og flytting vert betalt etter gjeldande reglar.

Kvinnherad kommune gir SVÆRT GODE BETINGELSER. Ta kontakt med oss for nærmare avklaring rundt dette.
 
Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:
Fastlege ved Halsnøy helsesenter Oddvar Larsen tlf. 53 46 15 30 oddvar.r.larsen@kvinnherad.kommune.no

Kommuneoverlege Glenn A. Opland tlf. 977 09 308 glenn.opland@kvinnherad.kommune.no

Einingsleiar Irina Zimina tlf. 488 94 055 irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune
Kontaktpersoner
Navn: Oddvar R. Larsen
Tittel: Fastlege ved Halsnøy helsesenter
Telefon: 53 46 15 30
E-post: oddvar.larsen@kvinnherad.kommune.no
Navn: Glenn A. Opland
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 977 09 308
E-post: glenn.opland@kvinnherad.kommune.no
Navn: Irina Zimina
Tittel: Einingsleier
Telefon: 488 94 055
E-post: irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Arbeidssted
Halsnøy helsesenter
Heiavegen 84
5454 SÆBØVIK