Kort om arbeidsgiver
Kvalitetsregisteret for Elektrokonvulsiv behandling fekk våren 2022 status som nasjonalt kvalitetsregister. I samband med dette søkjer vi etter 50 % stilling som fagleg leiar for registeret, kombinert med 50 % stilling som overlege ved Alderspsykiatrisk avdeling, eller dersom ønskeleg ved ein av avdelingane i Psykiatrisk klinikk på Sandviken.
Elektrokonvulsiv terapi (ECT) er ein medisinsk behandlingsform der det i narkose gis ein kontrollert mengde strøm til hjernen for å utløyse eit generalisert epileptisk anfall. Hovudindikasjonen for behandlinga er alvorleg depresjon med eller utan psykosesymptomar. I regi av Helse Vest har dei kliniske miljøa i Noreg tatt initiativ til å opprette eit nasjonalt kvalitetsregister for ECT. Registeret skal nyttast for å kunne skaffe ein oversikt over bruk av ECT i Noreg, indikasjonar for behandlinga, samt risiko for tilbakefall og biverknader. Ein vil også kunne kartleggje pasientanes eigenoppleving av behandlingstilbodet. Pasientane blir følgde over tid. 
Det Nasjonale kvalitetsregisteret for elektrokonvulsiv behandling er tilknytt Seksjon for ECT, som er ein av seksjonane i Psykiatrisk klinikk. Seksjonen er lokalisert i  i Glasblokkene.  

Arbeidsoppgåver
  • Ha overordna ansvar for utvikling, implentering og dagleg drift av registeret
  • Saman med registerkoordinator vidareutvikle registeret i henhald til formål, gjeldande lovverk og vedtekter
  • Medisinskfagleg ansvar for registeret
  • Representere registeret i offentlege utval og styrar
  • Representere registeret i samarbeidet dets med andre nasjonale, nordiske og internasjonale register
  • Representere registeret overfor media
  • Vere stadleg ansvarleg for å oppfylle databehandlingsansvaret av registerets og vilkår
  • Ha overordna ansvar for å førebu regelmessige møte med registrerer og ECT-ansvarlege
  • Ha ansvar for å byggje opp eit nasjonalt registernettverk for ECT-klinikarar
  • Ha ansvar for det medisinskfaglege innhaldet i rapportar, og bistå registerkoordinator med utforming av fagleg årsrapport
  • Gjere faglege prioriteringar, føringar og avgjerder knytt til drift og forvalting av registeret
Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest har kompetanse innanfor registeroppbygging og registeradministrasjon, jus, IKT, statistikk, analyse og kvalitetsforbetringsmetodikk, og gir bistand innanfor desse områda. 

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjend, eller snart godkjend spesialist i vaksenpsykiatri
  • Klinisk erfaring med ECT som behandlingsform vil bli vektlagt
  • Erfaring frå arbeid med helseregistre eller andre store datasett er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
  • Har engasjement for faget 
  • Er fleksibel og har evne til utvikling og omstilling
  • Har gode samarbeidsevner, og evne til  nettverksbygging
  • Er løysingsorientert.
  • Liker å jobba sjølvstendig
  • Har god gjennomføringsevne, er kreativ og nytenkjande
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
  • God fagleg oppfølgjing
  • Spennande nettverks- og utviklingsoppgåver på nasjonalt nivå
  • Utfordrande oppgåver i eit tverrfagleg miljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter avtale

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Ute Kessler
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55974575
Navn: Turid Vetaas
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55974515
Navn: Brede Aasen
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55958779
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling alderspsykiatri/ Seksjon for ECT, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen