Kort om arbeidsgiver

Vi tilbyr vikariat for lege i spesialisering i fysikalsk medisin og rehabilitering i 12 månader med moglegheit for forlenging. Ønska oppstart 01.09.2022 eller etter nærare avtale. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass, med engasjerte og kompetente medarbeidarar, som vil ha deg med for å bidra til utvikling av gode tenester. Du får eit variert arbeidsområde med faglege utfordringar og variasjon. LIS vil få personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt utdanningsprogram for LIS. 

ReHabiliteringsklinikken greier ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar, slik at dei kan oppleve meistring, livskvalitet og eit forbetra funksjonsnivå i kvardagen. Hos oss får du samarbeide med medarbeidarar frå dei fleste helseprofesjonar. Vi jobbar tverrfagleg med komplekse medisinske problemstillingar. 

Klinikken består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Klinikken gir spesialiserte tilbod og tenester til personar med komplekse og samansette behov for utgreiing, vurdering og rehabilitering/habilitering i sjukehus. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk. Vi har fleire regionale funksjonar og ein nasjonal funksjon, og er tyngdepunktet for spesialisert habilitering og rehabilitering for vaksne i Helse Bergen. Vi samarbeider tett med ulike einingar i spesialisthelstenesta inkludert psykisk helsevern, og førstelinjetenesta. 

Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering held til på Nordås og gir tilbod til pasientar med erverva hjerneskade, multitraume, nevrologiske lidingar og skadar, kreft, brannskade, amputasjonar, funksjonelle nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel- og skjelettskadar/-smerter m.a. HAVO har og pasientgrupper som er relevante for spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering. AFMR har for tida totalt 17 legar inkludert LIS.

Klinikken er inne i ein spennande utviklingsfase med mange pågåande og planlagde utviklings- og endringsprosessar, m.a. knytta til nybygg og samlokalisering på Nordås om nokre år.   

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling på sengepost og i poliklinikk
  • Vurdering av tiltak vidare og dialog med/tilvising til andre instansar
  • Råd og rettleiing til pasientar og samarbeidspartar
  • Samarbeid i tverrfagleg team
  • Særfagleg og tverrfagleg fagutvikling
  • Kurs, undervising og pasientopplæring
  • LIS deltar i praktisk undervising av medisinarstudentar
  • Inngå i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i fysikalsk medisin og rehabilitering
  • Motivasjon og interesse for tverrfagleg medisinsk rehabilitering
  • Erfaring med målgruppene frå rehabiliteringseining i spesialisthelsetenesta er ein fordel 
  • Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Erfaring med og gode evner i forhold til tverrfagleg teamarbeid
  • God kommunikasjon på norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Gode relasjonelle ferdigheiter og samarbeidsevner
  • Evne til å vere målretta og fleksibel, og vilje til nytenking
  • Ønskjer å vidareutvikle kompetansen din og bidra i fagutvikling og forsking  
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Tolmod og evne til å jobbe langsiktig og kan også handtere travle og akutte situasjonar
  • Trivast i eit tverrfagleg miljø 
  • Arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt 

Vi tilbyr

  • Eit spennande tverrfagleg arbeidsmiljø, høg kvalitet og fokus på kontinuerleg forbetring
  • Mogelegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Eirik Vikane
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55918444
Navn: Kjersti Agnete Erdal
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55918400
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
ReHabiliteringsklinikken/ Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering på Nordås, Helse Bergen 
Nordåsgrenda 4
5235 Rådal