Kort om arbeidsgiver

Psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS søker etter Overlege i psykiatri til å jobba saman med oss i eit spennande fagmiljø som er i utvikling. Psykosepoliklinikken har vore i vekst dei siste åra og vi har over lengre tid hatt fokus på å betre behandlingstilbodet og vi kan no tilby eit breitt behandlingstilbod til pasientane våre, i tråd med nasjonale føringar. Poliklinikken har òg eit sterkt fokus på brukarmedverknad ved val av behandlingstilnærming.


Psykosepoliklinikken har eit eige utgreiingsteam som i hovudsak består av psykologar og legar, som skal sikra at pasientane blir tilbydd heilskapleg og evidensbasert utgreiing, med fokus på brei differensialdiagnostikk og tydeleg definert link mellom utgreiing, diagnose og behandlingstilbod. Av behandling tilbyr vi medikamentell behandling og psykoterapi /samtalebehandling. Vidare blir det gitt tilbod om familiearbeid, IMR - grupper, musikkterapi og livsmestringsgrupper. Poliklinikken har òg eit samarbeid med NAV der alle pasientar blir tilbodne Individuell jobbemestring (IPS) som del av behandlinga.


Opptaksområdet til psykosepoliklinikken er kommunane Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Vindafjord, Tysvær, Bokn og  Sveio. Psykosepoliklinikken har implementert  ACT - team saman med Haugesund kommune og er i ein prosjektperiode med middel frå Helsedirektoratet der poliklinikken kan tilby FACT oppfølging til dei resterande kommunane i opptaksområdet. Overlegen som blir tilsett bør førebu seg på at delar av stillinga vil være knytt til  FACT, i tillegg til ordinær poliklinikk.
I psykosepoliklinikken er vi òg i gang med eit kvalitetsbetringsprosjekt som vil føregå dei neste åra for å sikra tydelegare implementering av nasjonale føringar og god klinisk praksis i utgreiing og behandling av psykoselidingar. Søkarar som er interesserte i forsking kan få moglegheit til å delta i kvalitetsbetringsprosjektet, eller delta i andre forskningsrelaterte aktivitetar, inkludert artikkelskriving. Det er fleire moglegheiter for å fullføra spesialistoppgåve innanfor den pågåande forskinga og det kan drøftast moglegheiter for å søka middel til PhD innanfor eksisterande prosjekt.


Haugaland DPS har eit robust fagmiljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, legar og psykologar under spesialisering, og dessutan høgskuleutdanna med vidareutdanning. Haugaland DPS inngår i klinikk for psykisk helsevern saman med Stord og Folgefonn DPS og to avdelingar for spesialisert behandling: Valen og Haugesund. Det er eit godt samarbeid internt i klinikken og også med eksterne fagmiljø og samarbeidspartnarar. Vi gir eit breitt behandlingstilbod som famnar rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) og dessutan ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.

Haugesund ligg sentralt plassert på Vestlandet med kort veg til vakre naturopplevingar på havet og i fjellet. Byen har eit rikt kulturliv med kjente festivalar som Sildajazz og filmfestivalen. Regionen er sterk på maritim verksemd, og her finn du solide næringslivsaktørar, gründerar og store statlege instansar som Sjøfartsdirektoratet og Kystverket. Høgskulen på Vestlandet har to campus i området vårt, Haugesund og Stord. Dei tilbyr utdanning innan helsefag, økonomi/administrasjon, HMS, ingeniør og sjøfart. Vi har kort veg til storbyane Bergen og Stavanger, og den lokale flyplassen vår har gode forbindelsar med daglege avgangar til inn- og utland.


Intervju kan bli gjennomført fortløpande i utlysningsperioden.
Les meir om klinikken på https://helse-fonna.no/avdelingar/klinikk-for-psykisk-helsevern.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar
  • Tverrfaglig klinisk arbeid i team
  • Rettleiing og internundervisning 
  • Moglegheit for deltaking i felles bakvaktsordning med Haugesund sykehus
  • Deltaking i samhandling med pårørande, kommunehelsetenesta og andre samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjent spesialisering i psykiatri
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Strukturert
  • God kommunikasjonsevne
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt miljø med varierte utfordringar
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • En arbeidsplass som er i inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Kompetanseutvikling og vidareutdanning 
  • Mulighet for deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling 
  • Sterkt faglig fellesskap med godt arbeidsmiljø
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjer gi til kjenne dette i søknaden

Mangfoldserklæring:
Foretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spelle mangfoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillinger uansett kjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom en har hatt et lengre opphold fra arbeidslivet. Foretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderende rekruttering.

 

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Endre Bø Blindheim
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 95244057
Navn: Louise Sandve
Tittel: Funksjonsleiar
Telefon: 99012230
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Helse - Fonna
Floravegen 75
5535 Haugesund
Søk på stillingen