Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Vi har ledig fast stilling for spesialist i anestesiologi i vår avdeling.
Anestesi, intensiv og operasjonsavdeling er ein del av Kirurgisk klinikk ved Haugesund Sjukehus.
Avdelinga har ansvar for all anestesiservice med ca. 9000 anestesisesjoner årleg. Kombinert postoperativ og intensivavdeling med omlag 400 respiratordøgn per år. Anestesilegebemanna utrykningsbil. Palliativt team.
Avdelinga flytta hausten 2021 inn i heilt nye lokaler for både operasjon- og postoperativ/Intensiv avdeling.
Avdelinga har 13 overlegestillinger, inkl. leiar, og 7 LIS-stillinger.
To-sjikts vaktordning med forvakt i tilstadevakt og bakvakt i heimevakt.
Arbeidsoppgåver
- Variert anestesiologisk og intensivmedisinsk arbeid
- Arbeid på legebil kan vere aktuelt
- For tida 8-delt tilstadesvakt som dekkes av både LIS og overleger, 10-delt bakvakt i heimevakt.
Kvalifikasjonar
- Norsk godkjenning som spesialist i anestesiologi.
- Erfaring frå/interesse for akuttmedisin utanfor sjukehus er ønskjeleg.
- Må meistre norsk språk på høgt nivå, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Personleg kompetanse og evne til samarbeid ein føresetnad.
- Gode kommunikasjonsevner.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø i nye flotte lokaler
- Nærhet til fjord og fjell med gode muligheter for variert friluftsliv
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Språk