Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Har du eit brennande engasjement for palliasjon eller ynskjer å byggje kompetanse i palliasjon?
Vil du vere med å bygge den beste klinikken?
Vi har ledig eitt års vikariat som overlege i Palliativt Team i Molde frå ca. 15.08.2022. Stillinga er 50% og kan tilretteleggast mot arbeid ved annan arbeidsstad. Stillinga kan nyttast som vidare- og etterutdanning for andre spesialitetar.
Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal består av
- - Stråleterapieining
- - Sengepost, Palliativt Team og poliklinikk i Ålesund
- - Kreftpoliklinikk og Palliative Team ved Volda, Molde og Kristiansund sjukehus
- - I tillegg har vi spesialisert rehabilitering som ein del av vår klinikk
Palliativ medisin er eit fag i utvikling som rettar seg mot pasientar med svært ulike grunnsjukdomar, men som har det til felles at dei treng spesialiserte tiltak for optimal lindring.
I Palliativt Team arbeider ein tett med andre profesjonar som sjukepleiar, fysioterapeut, anestesilege, prest, sosionom og ernæringsfysiolog. I det daglege er det sjukepleiar og lege som driftar eininga.
Palliativt Team i vår klinikk har i hovudsak pasientar med langtkomen kreftsjukdom og samarbeider difor tett med onkologane i Kreftavdelinga.
Arbeidsstad er ved Palliativt Team i Molde. Arbeidstid er mandag-fredag og det er ikkje vaktbelastning. I samband med førebuing til det nye SNR er det samarbeid med Palliativt Team i Kristiansund. Vil du lese meir om regionen vår: Destinasjon Molde og Visit Molde
Arbeidsoppgåver
- Kliniske arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte polikliniske konsultasjonar, vurdering av henvisningar, tilsyn av pasientar ved ulike sjukehusavdelingar samt heimebesøk
- Delta i kliniske studier
- Noko administrativt arbeid
Kvalifikasjonar
- Det kan vere ein fordel om du har god erfaring som lege, gjerne frå allmennmedisin eller anestesiologi
- Du har gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Du deler kunnskap med andre
- Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet med kreftpasientar
- Lege i spesialisering kan også søke, då må du ha godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du arbeider sjølvstendig
- Du er ansvarsbevisst
- Du har gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Felles fagmiljø innad i klinikken og mellom lokasjoner
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Felles undervisning/fagmøter lokalt og regionalt
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår