Kort om arbeidsgiver

Skadepoliklinikken består av Såravdeling, Bruddavdeling og Fysioterapiavdeling. Vi har årleg over 45 000 pasientkonsultasjonar.

Helse Bergen og Bergen kommune samarbeider om pasientar som treng øyeblikkelig hjelp. Ved å ha mange tenester for øyeblikkelig helsehjelp samla
på éin stad, blir det enklare for pasientar og pårørande.

I Bergen helsehus i Solheimsviken finn du både Skadepoliklinikken som er organisert under Ortopedisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus, og den allmennmedisinske legevakta (Bergen legevakt) til kommunen. 

Vi har ledig 100 % fast stilling som overlege

Arbeidsoppgåver

  • Legeteneste ved brot- og såravdelinga
  • Konservativ behandling og operative inngrep
  • Rettleiing og opplæring av legane i avdelinga
  • Hovudsakleg dagtidsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Relevant spesialitet
  • Kurs og trening i akuttmedisin
  • Godkjend politiattest må kunne visast ved tilsetjing
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Relevant arbeidserfaring med akutte skadar og legevaktsarbeid 
  • Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med pasientar og deira pårørande på ein god måte
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar og arbeider stabilt under press

Vi tilbyr

  • Allsidig og utviklande fagmiljø med høve til fagutvikling
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg, aktivt og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Torbjørn Hiis Bergh
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55568714
Navn: Njål Kleven
Tittel: Overlege
Telefon: 53031821
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Skadepoliklinikken, Helse Bergen
Solheimsgaten 9
5058 Bergen