Vil du bli fastlege i Sogndal? 
 
 
Ledige stillingar 
Ved Leikanger legekontor er det ledig heimel som fastlege frå 01.09.2022. Liste på 700 pasientar og 30% stilling som sjukeheimslege. 
 
Ved Sogndal Legesenter er det ledig nyoppretta fastlegeheimel frå snarast. Oppstart etter avtale. Liste på inntil 800 pasientar. 
 
Leikanger legekontor 
Legekontoret har 3 fastlegar og 1 LIS1. God bemanning av hjelpepersonell med erfarne sjukepleiarar. 
 
Sogndal legesenter 
Legesenteret har 11 fastlegar i alderen 31 til 48 år, 6 spesialistar og 5 i spesialisering, samt 1 LIS1. God bemanning av hjelpepersonell med erfarne legesekretærar, sjukepleiarar og bioingeniørar.  
 
Begge kontora har svært godt fagleg og sosialt miljø. 
Me legg stor vekt på rettleiing integrert i praksis med sikte på at både kurativt arbeid og legevakt skal vere ein god plass å lære allmennmedisin og leggje grunnlaget for spesialisering. Me tilbyr fast rettleiar, hjelper med utdanningsplan, legg til rette for oppnåing av læringsmål og gir kompensasjon for fråvær for utdanning. 
 
Kommunen eig og driv legesentera. Legane er sjølvstendig næringsdrivande med 8-2-avtale. Fastlønn kan vurderast dersom søkjar ynskjer det. 
 
Legevakta er for tida 15-delt og dekkar ca. 12 000 innbyggjarar, inkludert ØHD. Heimevakt med legevaktlokale ved Sogndal legesenter. Me har legevaktbil og godt samarbeid med lokal ambulanse. 
 
Legesentera er samlokalisert med mellom anna sjukeheim med ØHD, helsestasjon, fysioterapi og psykiatriteneste. 
 
Arbeidsoppgåver: 
Allmennmedisinske oppgåver som fastlege. 
 
Kvalifikasjonar: 
Norsk autorisasjon som lege. 
Gjennomført LIS1 
Førarkort klasse B 
 
Personlege eigenskapar: 
Flytande norskkunnkapar, både skriftleg og muntleg. 
Gode evner til kommunikasjon og samhandling. 
Gode evner til å arbeide sjølvstendig og strukturert. 
Høg arbeidskapasitet. 
  
Vilkår for fastlegeavtale går fram av lover, forskrifter, sentrale og lokale avtalar. 
 
Sogndal kommune 
Sogndal kommune har ca. 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Kommunen ligg ved Sognefjorden omgitt av vakker natur med gode moglegheiter for friluftsliv med alt frå topptur på ski til båtliv på fjorden. God kommunikasjon med eigen flyplass med direktefly til Oslo og Bergen. 
Kommunen er vertsstad for fylkeskommune, fylkesmann og andre statlege etatar, samt to vidaregåande skular og høgskulen på Vestlandet. 
Kommunen har stort mangfald av frivillige lag og organisasjonar og rikt tilbod innan idrett- og kultur. 
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Sogndal kommune
Kontaktperson
Navn: Jan Ove Tryti
Tittel: tenesteleiar legetenester
Telefon: 57629700
E-post: jan.ove.tryti@sogndal.kommune.no
Arbeidssted
Sogndal eller Leikanger
Skulevegen
6856 SOGNDAL