Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Har du lyst til å vere med i vårt team? Vi har nå ledig 100 % fast stilling som generell kirurg for snarlig
tilsetting. Arbeidstidsordning etter individuell avtale.
Odda sjukehus er eit lokalt sjukehus for Indre Hardanger omegn og dekkjer eit befolkningsgrunnlag på rundt 11000.
Odda sjukehus har medisinsk- og kirurgisk akuttberedskap.
Vi har eit godt tilbod til pasientar med akuttmedisinske tilstandar. Stabilisering av skadde pasientar før overflytting til større sjukehus.
Odda sjukehus har akuttmottak,operasjon, anestesi, overvåking og sengepostar. Alle typar pasientar blir tatt imot og vurdert for vidare behandling.
Vi har godt etablert kirurgisk og medisinsk poliklinikk,dagbehandling, dagkirurgi, røntgen og laboratoriet støttefunksjon.
Vi har eit høgt tverrfagleg nivå. Vi har fast tilsette overlegar innan medisin, kirurgi og anestesi.
Velkommen til Odda!
Les meir om vakre Hardanger på hardangerfjord.com https://www.hardangerfjord.com/odda
Arbeidsoppgåver
- Arbeide ved kirurgisk poliklinikk, operasjonsavdeling, overvakingseining og sengepost med
akuttmedisin - Traumeleiar for kirurgisk traumemottak
- Visitt og førefallande postarbeid
- Bidra til intern undervisning, vegleiing og supervisør for LIS 1
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon Spesialitet i generell kirurgi
- Ynskeleg med erfaring innan ortopedi
- Søkjarar som ikkje har norsk/svensk/dansk som morsmål må dokumentere språkkunnskapar skriftleg og munnleg på minimum B2-nivå.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode arbeidstidsordningar
- Vi vektlegg bruk av informasjonsteknologi og vi bruker talegjenkjenning
- Gode velferdstilbod for tilsette, f.eks. hytteutleige
- Moglegheit for hjelp til bustad
- Godt arbeidsmiljø
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.