Kort om arbeidsgiver
100 % avtaleheimel for godkjend spesialist i fordøyelsessjukdomar er ledig omgåande.
Det er også behov for vikar – inntil ny spesialist overtar praksisen permanent. Personar som eventuelt berre er interessert i eit vikariat kan ta direkte kontakt med noverande heimelsinnehavar Peter Coll.
  
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
  • erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
  • eigenskapar for heimelen
  • innretning av praksis
  • samarbeid med andre
 
Noverande praksis er ein del av ein gruppepraksis lokalisert til Kanalveien 64 i Bergen sentrum. Fire avtalespesialistar innan same spesialitet er lokalisert der.
 
Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening.
 
Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.
Avtalespesialisten skal ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Bergen HF om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp. Det blir forventa at avtalespesialisten også tar imot pasientar som vert tilvist frå Helse Bergen HF. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen. Avtalepraksisen skal i samarbeid med Helse Bergen også innrettast i tråd med utviklinga i faget og korleis behovet i befolkninga utviklar seg.
 
Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokale, utstyr og naudsynt hjelpepersonell. 
 
Driftstilskotet utgjer eit årleg beløp p.t. mellom kr. 988 370 (klasse 1) til kr. 1 472 050 (klasse 3).
 
Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar – før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.
 
Overtaking av noverande praksis fylgjer reglane i § 11 i ”Rammeavtale mellom de regionale helseforetak og Den norske legeforening om avtalepraksis for legespesialister”.
 
Spørsmål om praksisen kan rettast til Peter Coll, tlf.: 450 65 979, peter@kanalspesialistene.no.   
Spørsmål om heimelen kan rettast til Helse Vest ved Torleiv Bergland, tlf. 51 96 38 22.
 
Skriftleg søknad med relevante opplysningar, CV og sannkjende kopiar av attestar og godkjenningar skal sendast til Helse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger.
Stillingskategori
Privatpraktiserende spesialist
Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Kontaktpersoner
Navn: Peter Coll
Tittel: Spørsmål om praksisen
Telefon: 450 65 979
E-post: peter@kanalspesialistene.no
Navn: Helse Vest RHF ved Torleiv Bergland
Tittel: Spørsmål om heimelen
Telefon: 51 96 38 22
Hjemmeside
Søknad
Søknad sendes: Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4066 STAVANGER

Arbeidssted
Kanalveien 64
5068 BERGEN