Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Ved BUP Stord har vi ledig fast LIS 3-stilling. Stillinga kan og vera aktuell som praksis for spesialiseringsløp i t.d. allmennmedisin.
BUP Stord gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet vårt består av 6 kommunar (Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad og Ullensvang ).
BUP Stord er organisert saman med Stord DPS under felles leiing, og er inndelt i 4 team. Ved poliklinikken er det 25 fagstillingar. Husnes-/Odda kontor er utekontor for BUP Stord som skal gi tilbod til pasientar frå Ullensvang og og Kvinnherad. Det er per i dag tre fagstillingar og ein merkantil med fast kontorstad på Husnes, og 3 fagstillinger ved Odda-kontoret. Alle er knytta til team på BUP Stord. På Stord er det eit breitt tverrfagleg fagmiljø, med god overlege- og spesialistdekning. LIS3 deltek fast på teammøter, samt internundervisning ein gong i veka.
Overlegegruppa er stabil og lokalt forankra, og LIS vil ha fast veileder, følge både LIS-undervisning og internundervisning, samt arbeide i eit kompetent og tilgjengeleg tverrfagleg fellesskap. Vi legg opp individuelt tilpassa utdanningsløp, med vektlegging av eigne faglege interesseområder - sjølvsagt i samsvar med overordna utdanningskrav.
Vi søkjer entusiastiske og fagleg interesserte legar som vil vere med å utvikle og forme barne- og ungdomspsykiatrien i Helse Fonna.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga!
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom 0-18 år
- Kontakt med og rettleing av foreldre og instansar rundt barn og unge
Kvalifikasjonar
- Må ha dokumentert autorisasjon
- Må kunne norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring frå BUP er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
- Interesse for barne- og ungdomspsykiatri
- Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
- Pågangsmot og evne til samarbeid
- Endringsvillig, kreativ og nytenkande
Vi tilbyr
- Eit godt fagmiljø med fokus på fag og kvalitetsforbedring
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
- Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater
- Psykoterapirettleiing
- Arbeid i tverrfagleg team
- Heile spesialiteten kan tas i Helse Fonna
- Moglegheit for forsking i klinikk
- Lønn etter gjeldande avtale
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
Språk