Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig to vikariat som lege i spesialisering i radiologi. Vikariata er i inntil 1 år med mogleg forlenging. Vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga.

Radiologisk avdeling er ei høgteknologisk avdeling i stadig utvikling. Avdelinga har ein ny og moderne utstyrspark og eit eige senter for nukleærmedisin og PET. Vi har 6 MR-maskinar, 6 CT-maskinar. Vi nyttar Sectra PACS og RIS. Det er til ei kvar tid tilknytt Ph.d-stipendiatar til avdeling, og avdelinga deltar i både nasjonale og internasjonale forskingsnettverk. Avdelinga har fokus på HMS og kvalitetsarbeid.

Avdelinga er inndelt i 7 legeseksjonar:
*  Seksjon for Barneradiologi
*  Seksjon for Uro/kar/intervensjonsradiologi
*  Seksjon for Gastroenterologisk og onkologisk radiologi
*  Seksjon for Thoraxradiologi
*  Seksjon for Mammaradiologi og screening
*  Seksjon for Nevroradiologi
*  Seksjon for Ortopedisk radiologi

LIS har teneste på alle seksjonar, rotasjon kvar 6. mnd. Nye LIS vil ha ein opplæringsperiode på 12 veker før dei startar i vakt. Stillingane inngår for tida i ei 16-delt vaktordning. Viser elles til Helsedirektoratet sin utdanningsplan for spesialiteten.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid på seksjonane, beskriving av undersøkingar, vurdering av tilvisingar og demonstrasjonsførebuing saman med overlege
  • Relevante prosedyrar som tilhøyrer dei ulike seksjonane, etter opplæring og under supervisjon
  • Arbeid på ultralyd og i Mottaksklinikken etter gjeldande plan
  • Vaktarbeid, for tida i 16-delt tilstadevakt
  • Du vil få personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt utdanningsprogram, inkludert internundervising
  • Deltaking i undervising og kurs relevante for spesialiteten

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i Radiologi
  • Søkjarar må ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper i og utanfor avdelinga
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Du følgjer opp delegerte oppgåver
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø i ei travel avdeling

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Aslak Aslaksen
Tittel: Avdelingsdirektør
Telefon: 55 97 23 90
Navn: Heidi Hoven
Tittel: Assisterande avdelingsoverlege
Telefon: 55 97 77 07
E-post: heidi.hoven@helse-bergen.no
Navn: Aina Nærø Kristensen
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55 97 64 67
E-post: aina.nero.kristensen@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Radiologisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen