Ønskjer du ein ryddig 8-16 jobb, i eit ivaretakande og triveleg arbeidsmiljø? Kanskje treng du å jobbe litt redusert medan barna er små? Her ved BUP Molde har vi gode tilpassa arbeidsdagar med meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver.
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utredningseining (sengepost) i Ålesund og ei familieeining i Molde.
Molde er rosene, jazzen og kulturen sin by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og også internasjonale ruter. Molde by har fornya seg med mellom anna ny sjøfront, med fleire spennande kaféer og restaurantar. Les meir om Molde og Romsdal her: https://www.fjordnorway.com/no/destinasjoner/molde
Vi har ledig både fast stilling og vikariat for lege i spesialisering frå snarast. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar.
Stillingane er knytt til team som arbeider med barn og unge i alderen 6-18 år.
BUP Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. BUP Molde har ei stabil og god bemanning av overlegar og kan gi LIS-legane god oppfølging, undervisning og rettleiing. Det blir underteikna ein individuell utdanningsplan ved tilsetting.
Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT og OCD. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver til samarbeidspartane våre er ei forventa arbeidsoppgåve.
Vi ber om at du i søknadsteksten opplyser om du søkjer på fast stilling, vikariat eller begge deler.
Tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold må lastast opp som vedlegg til CV/søknad