Kort om arbeidsgiver
Vi har ledig 100 % faste stillingar for lege i spesialisering i indremedisin og lungemedisin.
Vi kan også tilby stilling for LIS 2 og 3 i nyre eller gastro. Alle deltar i indremedisinsk vaktordning.
 
Hos oss er det gode moglegheiter for dobbelt spesialiseringsløp med generell indremedisin.
Fastlegar med behov for sjukehusteneste er og hjarteleg velkomen hos oss (ALIS).

På avdelinga er det 9 LIS 2 og 3 stillingar og ei todeling av vaktdøgnet som inneberer at ein ikkje treng å arbeide heile døgnvakter. Vi legg til rette for at du skal kome gjennom alle anbefalte kurs for di spesialisering på normert tid. Det er faste dagar for fordjuping i den rullerande vaktplanen.
Som LIS2/LIS3 i vår avdeling deltar du i vaktarbeid i akuttmottak, postarbeid og poliklinikk. Du får mykje ansvar under tett oppfølging av våre overlegar som er indremedisinarar, lungelegar, gastroenterologar, nefrologar og kardiologar.

Hos oss får du gjennomført mange av læringsmåla i indremedisin, lunge, nyre, gastro og kardiologi.
Det er moglegheit for å fullføre di spesialisering ved Helse Bergen som vi har samarbeidsavtale med.
Vi vil også leggje til rette for at du kan fullføre spesialiseringa di ved eit anna sjukehus.
Ved spesialisering ved Helse Bergen har du fortrinn til eit gjennomgåande utdanningsløp.
Utdanningsplan for spesialiseringa finn du HER og du kan lesa meir om korleis det er å jobbe ved Stord sjukehus og bu i Sunnhordland HER.

Helse Fonna ønsker å investere i deg. Det som er viktig for deg er viktig for oss!
Vi vil hjelpe deg med det du treng, gratis bustad, tilrettelagt tenesteplan og bistå med å få tak i barnehageplass.
Stord har flyplass med dagleg avgang til Oslo, ca. ein times reisetid.

Det er god moglegheit for individuelle tillegg grunna rekrutteringsutfordringar. 
 
Oppstart etter avtale. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Samarbeid internt med andre faggrupper
  • Daglig oppfølging av pasienten i nært samarbeid med et fleirfagleg behandlingsteam
  • Journalarbeid
  • Vaktarbeid
  • Internundervisning av helsepersonell
  • Arbeid ved sengeeining
  • Delta i utgreiing og behandling 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent LIS 1 innan startdato er eit krav for å bli vurdert til stillinga
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel
  • Grunnleggjande IKT-kompetanse
  • Kunnskap om EPJ og andre fagsystem
    Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Ansvarsbevisst
  • Engasjert
  • Gode datakunnskapar
  • Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagt 

Vi tilbyr

  • Rekrutteringsbonus
  • Moglegheit til å påverke eigen tenesteplan
  • 9-delt vaktordning med todeling av vaktdøgnet. Aktiv vakt tilstade på sjukehuset. Erfarne overlegar i bakvakt og tilstade i samsvar med vaktplan på kveld og helg
  • Gratis bustad
  • Regelmessig internundervisning
  • Helse Fonna-bonus
  • Høgt fagleg nivå
  • Medlemskap i landets kanskje beste pensjonsordning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomstar

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Anne Beth Njærheim
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: +4791516011
E-post: anne.beth.njerheim@helse-fonna.no
Navn: Trude Digernes
Tittel: Funksjonsleiar
Telefon: 90699202
E-post: trude.digernes@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinsk avdeling Stord sjukehus , Helse Fonna HF
Tysevegen 64
5416 Stord