Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
I medisinsk klinikk, Haugesund sjukehus, er det ledig 1 fast stilling som lege i spesialisering med oppstart 1.september 2022. Tilsetting av kandidatar som nå har vikariat stilling kan utløyse ledige vikariat stillingar. Stillinga inneber deltaking i medisinsk bakvakt og gjennomført turnusteneste/LIS1-teneste er eit krav. Kandidatar som ikkje har gjennomført LIS1-teneste, men som ønskjer arbeide som lege i avdelinga kan også søkje.
Medisinsk avdeling inkluderer Hjerte- og lungeavdeling, Avdeling for eldremedisin, Medisin A og Medisin B. Avdelinga er godkjend som utdanningsavdeling for generell indremedisin, kardiologi, lungesjukdomar, gastroenterologi, nyremedisin, endokrinologi, geriatri og blodsjukdomar.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid ved sengeeining
- Delta i utgreiing og behandling
- Delta i tilstedevakt, pt. 16-delt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Relevant erfaring frå LIS-stilling på sjukehus blir vektlagd.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Evne til å ta sjølvstendige avgjersler
Vi tilbyr
- Eit godt kollegialt miljø
- Høgt fagleg nivå
- Løn etter gjeldande overeinskomst
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad