Kort om arbeidsgiver
I samband med overgang til felles nattlegevakt for kommunane Klepp/Time/Hå ynskjer me kontakt med deg som er interessert i fast stilling som lege i nattlegevakt.
Utgangspunktet vil vera vakt kvar fjerde helg fredag/lør/søndag og total stillingsstorleik vil ein gjera avtale om ut frå kva den aktuelle søkjar er interessert i.

Klepp, Time og Hå kommunar skal frå 1. juni 2022 ha samarbeid om legevakt. Hå er vertskommune for nattlegevakt, Klepp kommune er vertskap for daglegevakt. Me har tett samarbeid, felles journalsystem og gode ordningar for rettleiing og bakvaktsfunksjon.

Hå kommune har ei stabil gruppe kommunalt tilsette fastlegar med høg spesialistandel og ei god og velfungerande legevakt med eit velfungerande sjukepleiekorps. Me er samlokalisert med ambulansetenesta for Jæren og har eigen legevaktsbil.

Nattlegevaktstillinga er plassert ved Hå legevakt på Bekkeheien og arbeider tett i lag med ambulansepersonell og sjukepleiar om handtering av pasientar. Det vert lagt til rette for spesialistutdanning i allmennmedisin og fri til kurs og øvrige utdanningsaktivitetar.

Kvalifikasjonar
  • gjennomført Lis 1
  • god kunnskap om norsk lovverk
Personlege eigenskapar
  • interesse for allmennmedisin
  • evne til å arbeida sjølvstendig og i samarbeid med andre
Personlege eigenskapar og lokal tilknytning vert vektlagt.

Attestar og vitnemål
Me ber om at du lastar opp attestar og vitnemål (pdf) digitalt saman med søknaden din.

Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.

Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Hå kommune
Kontaktperson
Navn: Gerd Signy S. Omland
Tittel: Kommuneoverlege
E-post: gsso@ha.kommune.no
Hjemmeside
Arbeidssted
,
4365 NÆRBØ