Kort om arbeidsgiver
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har ca 18.500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkja hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.
Me søker:
Me søker etter sjukeheimslege i 100 % vikariat på korttid-rehabiliteringsavdeling i Time kommune. VIkariatet er i tida 13.06.22-31.10.22. Arbeidstid er på dagtid. Fagleg relevant erfaring og kompetanse vert lagt vekt på. Søknader vil bli vurdert fortløpande.
Om arbeidsplassen:
Sivdamheimen sjukeheim har 15 kortids- og rehabiliteringsplassar med 2 lindrande senger og ei demensavdeling med 21 plassar. Sjukeheimen driv etter tverrfaglege prinsipp med sjukeheimslegen som ein sentral og viktig fagperson. Det er eit godt tverrfagleg samarbeidsklima og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Medisinsk oppfølging av inneliggande pasientar
- Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
- Utarbeiding og oppfølging av rutinar og kvalitetssikring
- Internundervisning må påreknast
- Delta på faste emnekurs i sjukeheimsmedisin
- Dersom ønskeleg er det mogleg å delta i interkommunal sjukeheimsvakt
Ved fråvær for eksempel under ferieavvikling, kan det vera aktuelt å hjelpa til på Bryneheimen.
Kvalifikasjonar
- Godkjent autorisasjon som lege
- Ønskelig med godkjent LIS 1
Det er krav om politiattest
Personlege eigenskapar
- Søkar må ha gode kommunikasjonsevner med gode språkferdigheiter i norsk munnleg og skiftleg, min. B2 nivå
- Gode eigenskapar i teamarbeid og pasient-/pårørandekontakt
- Me legg vekt på at den som vert tilsett er eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Faglege utfordringar og engasjerte kollegaer
- Jamlege møte med kommuneoverlege og andre sjukeheimslegar