Kort om arbeidsgiver
Det er ledig 2 fastlegeheimlar ved "Bø Legesenter AS". Som søkar er det opp til deg å velge; sjølvstendig næringsdrift,
eller kommunalt ansatt lege. Velger du næringsdrift, er det er ikkje krav om kjøp av heimel.
Begge heimlane har listetak på 900 pasientar.
 
Omtale av arbeidsstaden
Bø legesenter er lokalisert i moderne og godt tilpassa lokale i Bø sentrum. Senteret er velutstyrt og veldrive med ein
dyktig stab med hjelpepersonell. Vi har eit godt arbeidsmiljø.
All felles drift (t.d. leige av lokale, hjelpepersonell, merkantile tenester) ordnast for dei med næringsdrift av eit
aksjeselskap, eigd av legane med like eigarandelar. Selskapet har ein solid økonomi. Legar som vert tilsett i dei ledige
 
heimlane, må kjøpe sin andel i selskapet om det er næringsdrift som er ønska driftsform. Legane ved senteret har ei
god inntening.
Har du ønskje om fast tilsetting ved kontoret utan næringsdrift, tilbyr kommunen gode rammebetingelsar. Om du på eit
seinare tidspunkt likevel ynskjer å arbeide som næringsdrivande, vil vi være fleksible, og legge til rette for det.
For ytterlegare informasjon om Bø legesenter, kontakt oppgitte kontaktpersonar, og/eller sjå www.bolegesenter.no.
Ved Bø Legesenter ønskjer vi å være framtidsretta, og video -og e-konsultasjonar er eit satsingsområde. Vi tilbyr også
"time på dagen".
 
Kort om stillingane
Det er ledig 2 heimlar som har listelengde på 900 pasientar. Legane som er sjølvstendig næringsdrivande, kan bli
tilplikta kommunale oppgåver inntil 7,5 timar/veke etter nærare avtale. Vi er i dag åtte fastlegar og ein turnuslege. Omlag
6900 pasientar har fastlege hos oss. Journalsystemet er Infodoc. 
Legevakt er lokalisert på Notodden interkommunale legevakt, og våre legar har vakter ved legevaktsentralen på
Notodden. Kvar lege har om lag 2 legevakter pr. månad. Dette samarbeidet blir for tida evaluera, og målet er ein meir
attraktiv avtale for dykk som legar. Her er journalsystemet System X.
 
Velgjer du kommunal fast tilsetting, tilbyr vi god fastløn, og andel av Helforefusjon. I tillegg ei ekstra friveke i året. Dette
er fridagar du ikkje vil kunne flytte til neste kalenderår om dei ikkje er nytta. Det er i utgangspunktet tenkt ein kontordag i
veka, med vektlegging av også då å ha innteksførande aktivitet.
 
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon og kjennskap til norsk helsevesen. Primært søker vi spesialist i
allmennmedisin, eller lege som er i gang med spesialisering i allmennmedisin. Det leggast til rette for utdanning og
veiledning, og det er aktuelt å gje stimuleringstilskot i spesialiseringsløpet til næringsdrivande legar.
God evne til bruk av norsk skriftleg og munnleg.
Erfaring frå kommunehelsetenesten og fastlegeordninga er ein fordel. 
Ved tildeling av heimel vil det leggast vekt på faglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og gode
samarbeidsevner.
Søkjarane må ha førerkort kl B, og kunne stille bil til disposisjon.
 
Særskilt for stillinga
I tråd med Helsepersonelloven vil det bli krevd politiattest.
Lønn for kommunale oppgåver og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
 
Offentleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli
offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Midt-Telemark kommune vil varsle søkjara som
har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.
 
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet
 
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
 
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med
kvittering om at søknaden er mottatt.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune
Kontaktpersoner
Navn: Irene Holte Skugstad
Tittel: Fastlege og styreleiar
Telefon: 928 43 275
Navn: Jørund Verpe
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 90635444
Navn: Kristin Sekse
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 409 13 939
Navn: Ruth Hogstad Erikstein
Tittel: Fastlege og tillitsvald
Telefon: 959 46 207
Arbeidssted
Bø legesenter
Hellandvegen 12
3800 BØ I TELEMARK