Kort om arbeidsgiver
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Yrkesmedisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, har ledig 100 % stilling for lege i spesialisering (LIS) i arbeidsmedisin. Stillinga er midlertidig i 1 år frå tilsetjingsdato. Denne vil passe inn i eit utdanningsløp der fire av dei øvrige fem åra tas innan bedriftshelsetenesta. Stillinga kan telje som del av spesialistutdanninga.
Yrkesmedisinsk avdeling bidrar til å førebyggje sjukdom og fremje god helse ved å påvise og auke kunnskap om samanheng mellom miljøfaktorar og helse. Det går føre seg ved pasientutgreiing, kunnskapsformidling, prosjektarbeid og forsking. Avdelinga har regionsansvar for Helseregion III (Vestland og Rogaland). I tillegg har avdelinga tre nasjonale behandlingstenester: spesifikk bronkial provokasjon ved yrkesrelatert astma, utgreiing av yrkesrelaterte dykkarskadar og elektiv hyperbar oksygenbehandling,
Avdelinga er organisert i Arbeidsmedisinsk poliklinikk, Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet, Seksjon for hyperbarmedisin med hyperbar oksygen-behandling, Norsk senter for maritim- og dykkemedisin med Radio Medico, Sjukepleieseksjon og Merkantil seksjon.
Den ledige stillinga blir knytt til Arbeidsmedisinsk poliklinikk med seksjonsoverlege Endre Sundal som leiar. Det er tre stillingar for LIS arbeidsmedisin ved seksjonen. Den faste staben ved arbeidsmedisinsk poliklinikk er breitt fagleg samansett med fire overlegar i arbeidsmedisin og i tillegg to lungelegar, dermatolog og nevrolog, yrkeshygienikarar og nevrospykolog. I tillegg samarbeidar ein med sjukepleiarar, kontortilsette, legespesialistar ved dei andre seksjonane, samt avdelinga sin biostatistikar og forskingsleiar.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga inngår i poliklinisk klinisk aktivitet. LIS vil også kunne delta i førebyggjande arbeid og avdelinga sine forskingsprosjekt.
- Poliklinikk, arbeidsmiljøundersøkingar, tverrfaglege forskingsprosjekt og undervising er difor prioriterte oppgåver
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i arbeidsmedisin
- Det blir lagt vekt på erfaring som bedriftslege og anna relevant klinisk erfaring
- Det blir lagt vekt på relevant forskingserfaring, PhD
- Må meistre norsk, både skrifleg og munnleg
- God skriftleg dokumentasjonsevne
Personlege eigenskapar
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
- Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
- Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
- Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende
- Kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver
Vi tilbyr
- Den som blir tilsett i LIS stillinga, vil få ein personleg rettleiar og delta i avdelingas regulære utdanningsprogram
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.