Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Vi søker legevikar ved Poliklinikk psykisk helse DPS Molde! Vikariatet er ledig frå snarast og inntil 1/2 år med mogleg forlenging.
Klinikk for psykisk helse og rus består av 5 avdelingar og 27 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse og Seksjon
for ambulante tenester DPS Molde, ligg under Avdeling for Distriktspsykiatrisk senter — DPS Molde og
Romsdalen og Romsdal.
Poliklinikken er delt i fleire ulike team: To allmennteam, Gruppeteam, ROP team, fylkesdekkande
spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit 4 - dagars team (B4DT), Ambulant akutteam, FACT og eit merkantilt
team.Poliklinikken har også tilbodet "HelseIArbeid".
Poliklinikken har 50 fagstillingar; overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, psykomotorisk fysioterapeut,
spesialergoterapeut, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar.
Geografisk ligg vi midt i smørauget i Norge. Molde er rosenes og jazzens by og eit eldorado når det gjelder
alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og
fritidstilbod. Byen har mange kulturelle tilbod, bla. teater og jazzklubb. Molde by fornyar seg med bla. ny
sjøfront og fleire spennande kafe` og spisestadar.
For meir informasjon om Molde: https://www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/nordvest/molde/
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon, må leggast ved
søknad på stilling som lege i spesialisering
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vere vurdering av somatisk helse, psykisk helsetilstand og medikamentell behandling
- Tett samarbeid med og god rettleiing frå erfarne spesialistar i psykiatri
Kvalifikasjonar
- Søkjer lege med norsk autorisasjon
- Du kan vere lege i spesialisering som treng anna praksis eller lege som ventar på LIS 1-teneste
- Ønskeleg med erfaring frå psykisk helsevern
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
- Ein vil legge vekt på gode personlege eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar,
pårørande og samarbeidspartnarar
- Evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling
- Den som blir tilsett må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår