Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen,- Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er samlokalisert sentralt på Danmarksplass. Det er seksjon for gruppebehandling som nå søkjer overlege/spesialist.
Er du psykiater med interesse for personlegdomspsykiatri og gruppeterapi? Vil du vere del av vårt terapeutiske fellesskap?
Seksjon for gruppebehandling er ein spennande arbeidsplass med 20 høgt kvalifiserte medarbeiarar, m.a. 6 psykologspesialistar. Vi har òg eit mangfaldig behandlings-tilbod. Vi tilstreber å tilby behandling som samsvarer med klinikkens behov for differensierte behandlingstilbod. Vi har nå ledig stilling for overlege/spesialist i psykiatri med moglegheit til å bli del av eit stadig sterkare psykiaterfellesskap på Kronstad DPS.
Seksjonen tilbyr strukturerte polikliniske behandlingsprogram i gruppe. Tilbodet har ei integrativ behandlingstilnærming. Det er alltid to terapeutar i gruppene.
Vi tilbyr korttids dagbehandling i gruppe til pasientar i krise (alternativ til døgn), samt psykoterapeutiske gruppetilbod av ulik lengde for pasientar i ei meir stabil fase.
Ei anna sentral oppgåve er utgreiing av pasientar. Pasientgruppa er samansett, med hovudvekt på personlegdomsforstyrringar, angst, depresjon og livskriser. Vi gir individuell oppfølging ved behov.
Vi tilbyr mentaliseringsbasert behandling av pasientar med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring. Vi har og behandlingsprogram for pasientar med engsteleg unnvikande p.f. under utvikling.
Vi søkjer etter psykiater som kan ha medisinansvar i seksjonen. Det er ønskjeleg at den som blir tilsett er allsidig og fleksibel i behandlingstilnærminga si, samt positivt innstilt til å delta i gruppe- og/eller individualterapi. Søkjar sin kompetanse og interessområde vil kunne påverke arbeidsoppgåvene. Vi vi kan på sikt også vurdere å tilsetje LIS lege i avdelinga.
Denne seksjonen utgjer eit sentralt fagmiljø i Bergen innan personlegdomsfokuserte og gruppeterapeutiske behandlingsmetodar. Seksjonen deltar i eit forskings-samarbeid med "Nettverk for personlighetsforstyrrelser" ,- eit nettverk for personlegdomsretta behandlingsprogram i Noreg.
Oppstart etter nærare avtale.
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.