Kort om arbeidsgiver
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Nevrologisk seksjon har ledig eit års vikarat for LIS 2/3 i nevrologi. Dersom mangel på kvalifiserte søkjarar, er også LIS 1 velkomne til å søkje.
Stillinga er ledig frå snarast.
Det er 7-delt vaktordning med tilstadevakt.
Hovudoppgåva vår er å gi dei med nevrologiske sjukdomar diagnostikk, behandling og sjukepleie. Vi har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk fysiologi, EEG-laboratorium og fagsjukepleiarar innan epilepsi og MS.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på post, undervisning og rettleiing, vaktarbeid, tverrfagleg samarbeid
- Mottak og oppfølging av pasientar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.