Kort om arbeidsgiver
Ynskjer du å jobba som fastlege i Friluftshovudstaden i vakre Hardanger?
Ullensvang kommune har 3 ledige vikariat som fastlege fordelt på; Utne legekontor, Lofthus legekontor og Odda legesenter.

Alle vikariata er fastløna, listelenge på 750 pasientar, inntil 20% kommunale oppgåver og ein dag til administrasjon i veka.

I kommunen har vi 16 fastlegeheimlar fordelt på 4 legekontor:
Odda legesenter har 9 fastlegeheimlar samt eit utekontor i Røldal
Utne legekontor har 2 fastlegeheimlar
Lofthus legekontor har 3 fastlegeheimlar
Jondal legekontor har 2 fastlegeheimlar

Kommunen har i dag 3 LIS 1 legar, men frå hausten 2022 vert den auka til 4 LIS1.
Kommunen er registrert som utdanningsinstitusjon og har erfaring med å organisera spesialistutdanning. Vi har sidan hausten 2017 deltatt i ALIS VEST prosjektet.
Som fastlege i kommunen må arbeid ved legevakt påreknast. Her er i dag 17 delt vakt, og fri med løn etter vakt. Ullensvang legevakt er ein av tre legevaktstasjonar i Hardanger og Voss legevaktdistrikt. Legevakta er lokalisert på Odda sjukehus.

Søkjaren må ha:
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Meistre norsk språk skriftleg og munnleg
  • Ha gode samarbeidsevner
  • Personleg eigenskap vert vektlagt
  • Det må leggjast fram politiattest før tilsetting
Kommunen kan tilby:
  • Høgt fagleg nivå på tenesta
  • Organisert spesialistutdanning innan allmennmedisin
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • God barnehagedekning
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Gode moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar både sommar og vinter, med Folgefonna- og Hardangervidda nasjonalpark innan kort rekkevidd. Trolltunga, Låtefoss, Folgefonna med Buerbreen og Dronningstien er kjente turistattraksjonar.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune
Kontaktperson
Navn: Therese Kolltveit
Tittel: Verksemdsleiar for legetenesta
Telefon: 915 66 097
E-post: therese.kolltveit@ullensvang.kommune.no
Arbeidssted
,
5750 ODDA
Søk på stillingen