Kort om arbeidsgiver

Giske kommune oppretter ny fastlegeheimel knytt til etablert gruppepraksis på Valderøya. Oppstart blir 01.09.2022 eller etter avtale. 

Det vil bli overført pasientar frå andre fastlegelister i kommunen til den nyoppretta heimelen, med listetak etter avtale. Det er ikkje knytt kommunale oppgåver til stillinga.

Kommunen søkjer Helsedirektoratet om tilskot til ALIS-avtale som vil kompensere utgifter og tapte inntekter knytt til spesialisering for LIS3.

Legesenteret er lokalisert på Ytterland på Valderøya. Gruppepraksis med ni andre fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert med fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid, og har eit stabilt og velfungerande helsepersonell i tillegg til ein dagleg leiar med ansvar for alt administrativt. Journalsystemet er Infodoc Plenario. 

Legen inngår leigeavtale med eige driftsselskap, Giske kommunale legesenter AS, med gode leigevilkår.

Fastlegen arbeider som sjølvstendig næringsdrivande.

Deltaking i 10-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt og interkommunal nattlegevakt i Ålesund med minimum 5 nattevakter i året.

 

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Arbeidsoppgåver

  • Kurativt arbeid som fastlege i medhald av fastlegeforskrifta.
  • Helsefremmande og førebyggande arbeid.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Deltaking i legevakt.

Kvalifikasjonar

Personlege eigenskapar

  • God på kommunikasjon og samarbeid.
  • Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert.
  • Evne til å arbeide strukturert og målretta.
  •  
  • Andre opplysningar:
  • Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
  • Søkjar må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Giske kommune
Kontaktpersoner
Navn: Anne-Line Sommerdalen
Tittel: kommuneoverlege
Telefon: (+47) 93462221
Navn: Gretha Giske
Tittel: einingsleiar
Telefon: 97028234
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Barn, familie og helse, Giske kommune
Ytterland 1
6050 Valderøya
Søk på stillingen