Kort om arbeidsgiver
Voss - bygd for sterke opplevingar
Til saman har Voss herad per i dag 18 fastlegeheimlar og 2 LIS1-stillingar. Tre kontor driv næringsdrift, medan eit kontor er kommunalt. Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL) på vakttid. Legevakta er velfungerande og lokalisert i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus. Legevakta har eigen legevaktsbil for utrykning.
Om stillinga
Voss herad ynskjer å styrke fleire delar av vår kommunale legeteneste. Dette inkluderer, men er ikkje begrensa til, tilsyn med pasientar på sjukeheimane våre, tilsyn med pasientar innlagd i KAD-sengane og deltaking i ein sentralisert daglegevaktsteneste som er under etablering.
Fire yngre fastlegar er i dag knytt sjukeheimane og KAD-sengane våre, i mellom 20% og 50% stilling. Me ser etter deg som kan vera deira mentor og veileder, eventuelt også veileder for andre LIS3 i kommunen.
Me søkjer etter deg som ynskjer ein fastløna og allsidig dagtidsstilling utan vaktbelastning på kveld og i helger, dog må du gjerne delta i slikt legevaktsarbeid om du ynskjer. Du er ein erfaren klinikar, men ynskjer kanskje kvardagar som ikkje er så travle og kvar du kan vera med å utforma mykje av kvardagen sjølv. Me både gir, men forventar også, ein stor grad av fleksibilitet kva gjeld daglege arbeidsoppgåver.
Du er spesialist i allmennmedisin, indremedisin eller har ein anna relevant sjukehusspesialitet. Kandidatar til spesialiteten i allmennmedisin og som har unnagjort årene i uselektert allmennpraksis er også velkommen til å søkje. Dersom du er spesialist og ynskjer ein dag i veka med uselektert allmennpraksis for å ivareta spesialiteten kan me leggje til rette for det.
Arbeidsoppgåver
Tilsyn med sjukeheimspasientar
Tilsyn med pasientar i KAD-sengar
Veiledning av kollegaer
Event. anna kommunalt arbeid (helsestasjon, skulehelseteneste)
Moglegheit for ein dag i veka med kurativ allmennpraksisog daglegevakt
Me søkjer
- Norsk autorisasjon som lege
- Er spesialist i allmennmedisin, nærmar seg dette eller som er spesialist i en relevant sjukehusspesialitet
(indremedisin inkl. grenspesialiteter)
- Har særs gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Innehar førarkort klasse B
Personlege eigenskapar vil verta tungt vektlagt. Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen.
Me tilbyr
- gode forsikrings- og pensjonsordninga- for den rette søkjar kan me tilby gode lønsvilkår
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.