Kort om arbeidsgiver

Haugesund sjukehus søkjer etter overlege i gastroenterologi.

Haugesund sjukehus har klinikkar for medisin (inkl. barn og nyfødd), kirurgi (inkl. føde/gyn og fertilitet), psykisk helsevern, og medisinsk service (inkl. akutt, radiologi, klinisk kjemi og patologi). Medisinsk klinikk omfattar indremedisin med greinspesialistar i dei fleste fagområda samt nevrologi, rehabilitering og lærings- og meistringssenter. Klinikken er godkjend som utdanningsavdeling for indremedisin, nyresykdommer, kardiologi, lungesjukdommar, gastroenterologi, endokrinologi, hematologi og geriatri.
Innan indremedisin har vi 16 legar i spesialisering og 20 overlegestillingar.


Fagområdet gastroenterologi er organisert i Medisinsk Avdeling A. Medisinsk Avdeling A har for tida 14 sengeplasser, om lag 7 til pasientar med gastroenterologiske sjukdommar. Ein stor del av aktiviteta finn sted på gastroenterologisk poliklinikk kor ein utfører gastroskopi, coloskopi, pH-manometri, mage-tarm poliklinikk, hepatitt poliklinikk, IBD poliklinikk, endoskopisk ultralyd, ultralyd abdomen, kapselendoskopi m.m. I samarbeid med gastrokirurgisk avdeling gjøres også ERCP, stentbehandling og fjerning av store polypper. Totalt sett dekker seksjonen det aller meste av fagfeltet gastroenterologi og seksjonen har eit godt fagmiljø. Avdelinga har i dag 5 overlegestillingar innan gastroenterologi, 2 legar i utdanning innan gastroenterologi og 1 lege i utdanning innan indremedisin. Deltaking i felles indremedisinsk vaktlag vil vere del av stillingen. Dette vil kunne medføre at arbeid på andre poster må kunne påregnes.

 

 Stillinga er ledig frå hausten 2022. Det er planlagd auke i avdelinga i tida framover i samband med innføring av nasjonalt tarmscreeningsprogram. Tilsetting i samband med dette kan bli aktuelt ved fleire aktuelle kandidatar.

Arbeidsoppgåver

  • Vaktarbeid og dag-teneste på post og i poliklinikk.
  • Overlegane går for tida 15-delt vakt.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein overlege som er godkjend spesialist i indremedisin og/eller gastroenterologi.
  • Legar som er i utdanning og kan få slik spesialistgodkjenning innan 1-2 år er velkomne til å søkje.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein overlege i gastroenterologi som ønsker å arbeide tett på pasientene og utvikle faget i eit godt kollegialt miljø.
  • Gode samarbeidsevner vil bli vektlagt.
  • Personlege eigenskaper vil bli tillagt avgjerande vekt.

Vi tilbyr

  • Arbeids- og lønnsvilkår etter lokal overeinskomst og individuell avtale.
  • Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå. 
  • Legger til rette for og prioriterer forskning og utvikling.
  • Seksjonen har organisert internundervisning i gastroenterologi

 

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Aase Pauly Nevland
Tittel: Avdelingsleder
Telefon: 46893395
E-post: aase.pauly.nevland@helse-fonna.no
Navn: Marijn Radersma
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 48130261
E-post: marijn.radersma@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Søk på stillingen