Kort om arbeidsgiver

Er du akutt - og mottaksmedisiner og har lyst til å kome til Kristiansund?

Som det første sjukehuset i Helse Møre og Romsdal ønskjer no Kristiansund sjukehus å tilsette ein lege i akutt - og mottaksmedisin. Vi ønskjer å styrke kompetansen i akuttmottaket og vidareutvikle drifta. I mai 2022 opnar vi Akutt 12 - som er ein
observasjonseining i tilknyting til akuttmottaket. Dette arbeidet peikar
framover mot det nye akuttmottaket og korttidsposten som opnar ved Sjukehuset
Nordmøre og Romsdal (SNR) i 2025.

Akuttlegen skal jobbe i henhald til spesialiteten i akutt - og mottaksmedisin. Vi søkjer derfor ein lege som har denne spesialiteten, eller
som nærmar seg ferdig spesialist. Akutt - og mottakslegen vil administrativt og
fagleg vere underlagt Avdeling for medisin og døgnopphald. Legen som tilsettes blir ein del av Seksjon for medisinske legar, og inkluderes i
kollegiet. Det blir lagt til rette for deltaking i felles møter, internundervisning
og felles vaktordning.

Visste du dette om Kristiansund?

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Arbeidsoppgåver

  • Initial klinisk vurdering, prioritering og behandling
  • Pasientlogistikk og flyt internt i akuttmottaket og mot andre seksjonar
  • Ansvar for observasjonseining Akutt 12
  • Klinisk støtte, supervisjon og rettleiing av legar under utdanning
  • Deltaking i tverrfaglege team
  • Rådgjeving og rettleiing av primærhelsetenesta i akutte problemstillingar
  • Ansvar for ø-hjelps poliklinikk på dagtid
  • Fagutvikling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent spesialitet i akutt - og mottaksmedisin
  • Må beherske norsk språk munnleg og skriftleg for forsvarleg yrkesutøvelse

Personlege eigenskapar

  • Du trivast godt med å jobbe i tverrfaglege team
  • Du har gode samarbeidsevner og jobbar sjølvstendig
  • Du har gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har god evne til å gi og motta tilbakemeldingar
  • Du trivast i eit aktivt arbeidsmiljø med høgt tempo og er vant til å prioritere arbeidsoppgåver

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Personleg utvikling, og mogelegheit til å vere med på å etablere nytt akuttsjukehus
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Åge Austheim
Tittel: Seksjonsleiar, Medisinske legar Kristiansund
E-post: Age.Austheim@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for medisin og døgnopphald Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Kristiansund sjukehus
6508 Kristiansund