Kort om arbeidsgiver

Avdeling for rusmedisin (AFR) har no ledig 100 % fast overlegestilling  på vår sengepost ved seksjon Skuteviken. 

Seksjon Skuteviken ligg bynært og tilbyr avrusing til pasientar med rusproblematikk. Seksjonen har 27 sengeplassar fordelt på 2 sengepostar.

(AFR) har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga består av ein stor LAR- seksjon, to poliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling, både med samanslåing av døgnseksjonar, fagleg integrasjon med psykisk helsevern og ny oppstarta tilbod med Heroinassistert behandling i LAR (HAB).  AFR skal i samarbeid med Kriminalomsorgen og Bjørgvin fengsel også starte opp en ny avrusingseining i eit nybygg lokalisert i Bjørgvin fengsel. Avdelinga skal bemannast med sjukepleiarar og vernepleiarar som skal jobbe tett saman med fengselsbetjentar frå Bjørgvin fengsel. Avdelinga vil vere døgnbemanna og ha plass til totalt 6 pasientar. Denne sengeposten står i linje til seksjon Skuteviken. 

Som overlege har du jamleg møtepunkt med dei andre legane i AFR gjennom felles internundervising, fagdagar og jamnlege legemøter. På seksjon Skuteviken vil man inngå i eit medisinskfagleg team med 2 andre overlegar og fleire LIS legar med daglege møtepunkt. 

Det kan bli moglegheit for å jobbe delar av stillinga ved den nye avrusingsavdelinga ved Bjørgvin fengsel.

Det er moglegheit for å delta i bakvaktsordning , heimevakt med utrykkingsplikt til AFR sine sengepostar.

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, somatisk og psykiatrisk sjukdom
  • Kunnskapsformidling internt og eksternt
  • Samarbeid i tverrfagleg team og med 1 og 2 linetenesta
  • Medverke til utvikling av tenestetilbodet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Spesialist i rus- og avhengigheitsmedisin. Annan relevant spesialitet eller erfaring kan vurderast særskild
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg (det er krav om at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Kan arbeide sjølvstendig, men søkjer råd ved behov, og kan fungere godt i ei tverrfagleg arbeidsforhold
  • Har interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
  • Er fagleg dyktig og har engasjement for denne pasientgruppa og vidareutvikling av fagområdet
  • Har god mentaliserande haldning i møte med kollegaer og pasientar
  • Er opptatt av god og tillitsskapande pasientkommunikasjon
  • Bidrar til eit positivt og utviklande kollegialt arbeidsmiljø, og samhandlar godt med pasientar og samarbeidspartnarar
  • Er personleg eigna til stilling

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø i et tverrfaglig og medisinskfaglig team. 
  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Ingeborg Kaldestad
Tittel: Overlege
Telefon: 47516964
Navn: Mai-Elin Lillevik Hagenes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 91148461
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin/ AFR Klinikken Skuteviken, Helse Bergen
Nye sandviksvei 84
5032 Bergen
Søk på stillingen