Om stillinga
Eidfjord kommune har ledig 100 % sommarvikariat som fastlege 13.06.2022 – 12.08.2022.

Eidfjord kommune har i dag to faste legestillingar, i tillegg til turnuslege (LIS1). Andre stillingar ved helseavdelinga er; helsesyster, psykiatrisk sjukepleiar og kommunepsykolog, fysioterapeutar, diabetessjukepleiar, jordmor og sjukepleiarar.  

Kvalifikasjonar
  • Søkjar må vera atorisert lege og helst ha fullført LIS1.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God munnleg og skriftleg kunnskap i norsk
  • Politiattest
Me kan tilby
  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Ei helseavdeling med eit godt utstyrt kontor med EKG, 24t BTmåling, spirometri og laboratorie.
  • Ambulanse som er stasjonert i bygda
  • Daglegevakt vert fordelt mellom legane på kontoret
  • Utrykningskøyretøy for legevakt
  • Ei velfungerande interkommunal legevaktordning på Voss på kveld/natt/helg
  • Løn etter avtale, og hjelp til å skaffa husvære ved behov
Informasjon om stillinga
For meir informasjon, ta kontakt med kommuneoverlege Rita Høvset 
tlf. 53 67 35 50/413 50 55.

Om Eidfjord
Eidfjord ligg inst i Hardangerfjorden, med fjord, fjell og vidde som næraste nabo. Kommunen har om lag 920 innbyggjarar, men er stor både i areal og hyttebygging. I avstand ligg me ca. 1,5 timar frå Geilo, 45 minutt frå Voss og 2,5 timar frå Bergen. 

I Eidfjord bur du i distriktet, men samstundes rett i nærleiken av hovudvegen mellom aust og vest. Her får du friluftsliv utan kø, både grøn vår og kvit vinter innanfor 30 minutt, moglegheit til garnfiske på statsallmenninga og tilgang til kommunal hytte i Hardangervidda nasjonalpark. 
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Eidfjord kommune
Kontaktperson
Navn: Rita Høvset
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 41350556
E-post: rita.hovset@eidfjord.kommune.no
Søknad
Søknad merkes: 22/416
Arbeidssted
Eidfjord legekontor
Simadalsvegen 1
5783 EIDFJORD