Kort om arbeidsgiver

Ønsker du å jobbe på den medisinske avdelinga i Norge med den beste utsikta, dei beste kollegaene og drøssevis av fritidsmoglegheiter, i Norges vakraste fylke?

Ved medisinsk avdeling i Molde har vi ledig fast stilling for Lege i spesialisering(LIS3) med utdanningsløp innan indremedisin. Medisinsk avdeling er ei veldifferensiert avdeling som er godkjent for utdanning i generell indremedisin, kardiologi, lungemedisin, fordøyelsessjukdom, hematologi og endokrinologi.
Vi er ei hyggeleg og inkluderande medisinsk avdeling. Sjukehuset er av perfekt størrelse. Lite nok til at alle kjenner alle og kvardagslogistikken er god, men stort nok til at ein ikkje får meir ansvar enn ein kan bere. Avdelinga satsar på fagleg kvalitet, utdanning, aukande forskingsaktivitet, utvikling og godt arbeidsmiljø. Vi har til dømes internundervisning med høg kvalitet, eit av landets kanskje beste medisinske akutt team leia av LIS2/3 i vakt, tidleg og god opplæring i vaktrelevante prosedyrer og bruk av håndholdt ultralyd, penicillinallergipoliklinikk som har fått nasjonal oppmerksomheit, antibiotikateam som stadig utviklar og forbedrer arbeidet vårt, eit tett og godt samarbeid med andre seksjonar på huset, fredagsflax, god humor, spreke kollegaer, og eit nytt sjukehus Nordmøre og Romsdal under bygging.

Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 tilstade heile døgnet. Overlege i bakvakt som er heime på natt. 12-delt vaktordning for LIS2-3. Det er sett av tid i plan til rettleiing og fordjupning. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
 

Arbeidsoppgåver

  • Gjeldande vaktordning. Her får du mye ansvar, men i trygge rammer.
  • Du vil få rask opplæring i bruk av håndholdt ultralyd og i akuttprosedyrer.
  • Arbeid som LIS ved sengepost og poliklinikk.
  • Du vil få moglegheit til å rettleie  og supervisere LIS1.
  • Uti frå eigne interessefelt tilrettelegger vi så godt som mogeleg for personleg fagleg utvikling, og det er store moglegheiter for å drive innovativt medisinsk arbeid hos oss. 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Meistre norsk språk - Skriftleg og muntleg tilfredsstillande
  • Erfaring frå relevant stilling blir vektlagt
  • Personlig ønske om å vere med i videreutviklinga av medisinsk avdeling i Molde, og fremover i nytt sykehus SNR vektleggast
  • Vi ønsker deg som er framoverlent, tenker nytt og bidreg til både det faglege og sosiale arbeidmiljøet

Personlege eigenskapar

  • Positiv
  • God til å samarbeide
  • Evne til å kommunisere og jobbe tverrfaglig
  • Du må være glad i høgt tempo og varierte oppgåver
  • Ein god kollega
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ida Camilla Monn Birkhaug
Tittel: Seksjonsleder (lege)
E-post: Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 MOLDE