Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Vi har ledig 100 % fast stilling som psykiater/overlegespesialist i voksenpsykiatri ved DPS Vegsund døgnseksjon.
Vi ønsker velkommen til eit spennande og utviklande fagmiljø ved DPS døgnseksjon - allmennteam.
Allmennteamet består av 17 døgnplassar derav 3 brukarstyrte plassar. Pasientgruppa består av pasientar som har psykose, autisme, og
allmenpsykiatrisk tilstandar som alvorleg depresjon, traume, bipolare m.m.
Aldersgruppa er frå 18 og oppover. Vi mottar pasientene fra
sjukehusavdeling, ambulante team, poliklinikk og kommunar.
Vi har også eit regionalt medisinfritt tilbod som består av 3 døgnplassar og 3 dagplassar. Vi samhandlar i stor grad med kommune
og spesialisthelsetenesta. Teamet er tverrfagleg og består av psykiater,
psykologspesialistar, LIS, psykiatriske sjukepleiarar, sosionom, aktivitør,
fysioterapeut m.fl.
Klinikken er i prosessar med ny utviklingsplan og stillingsinnhald er knytta opp mot ev. føringar som kjem som følge av utviklingsplanen til klinikken, og oppdragsdokumentet frå HMN (gjeld alle stillingar i klinikk).
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar
- Delta i inntaksteam
- Deltaking i kvalitetsråd og fagråd
- Rettleiing av LIS
- Undervise/rettleie personale/kommune og andre i spesialisthelsetenesta
Kvalifikasjonar
- Lege som er spesialist i voksenpsykiatri
- Ønskeleg med brei erfaring i psykiatri og rus
Personlege eigenskapar
- Vi søker ein medarbeidar som er fagleg oppdatert og som har god arbeidskapasitet og som likar å jobbe i team
- Gode samarbeidsevner og å vere personleg eigna vert vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår