Kort om arbeidsgiver

Vil du bli med på laget og skape gode helsetenester for pasientane våre, i eit spennande og engasjert fagmiljø?

Seksjon for Auge er ein av sju seksjonar innan Kirurgisk avdeling ved Ålesund sjukehus. Vi har i dag fem overlegar, tre LIS legar, åtte sjukepleiarar, ein ortoptist og ein optiker. Opptaksområdet vårt er i hovudsak Sunnmøre med om lag 150 000  innbyggarar. Vi har fylkesfunksjon for oppfølging av premature og ROP-screening.

Send oss ein søknad, vi vil veldig gjerne høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk pasientbehandling
  • Delta i vaktordning; p.t.1 fast dag i veka, samt kvar femte helg 
  • Halde undervisning for kollegaer og sjukepleiegruppa

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning 
  • Mestre skandinavisk språk muntleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til samarbeid
  • Positiv innstilling
  • Stort engasjement for pasient og oftalmologi
  • Fleksibel
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • God arbeidsmoral

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Silje Johanne Farstad
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70105855
E-post: Silje.Johanne.Farstad@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
AUGE ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus
6017 Ålesund