Kommunelegekontoret i Sula søkjer etter ein fastlegevikar for perioden 01/09/22 - 31/12/22.
Kommunelegekontoret i Sula består av 8 fastlegar og 1 LIS1. Driftsforma er næringsdrift, men kommunen drifter kontoret.
Vi har ein ny fastlege som pga permisjon ikkje kan starte før januar 2023, og treng derfor vikar i denne perioden.
Dette er ein nyoppretta heimel, ei 0 liste. Alle dei andre listene er i dag fulle og vi har ca 300 pasientar som står på venteliste, så ein forventar rask auke på lista. Maks listetak er 900.
Der er ikkje bestemt noko faste kommunale oppgåver for dette vikariatet, men det kan bli aktuelt med helsestasjon eller tilsynslegefunksjon. Ein vil også legge til rette for auka andel øyeblikkelighjelp, dette blir gjort for å sikre passande arbeidsmengde.
Kommunen vil ikkje krevje husleige under vikariatet, og kan vere villig til å gå i dialog i forhold til evt fastlønn