Kort om arbeidsgiver
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Avdeling for rusmedisin vart frå 01.12.2019 utvida til å omfatte tidlegare Bergensklinikken. Avdelinga tilbyr heile spekteret innan rusbehandling, og er delt inn i fleire seksjonar, m.a. døgnpostane på Askøy, Tertnes, Skuteviken, Martens, Klokkarvik og Manger. I tillegg kjem poliklinisk verksemd fordelt på LAR, med ansvar for ca 1000 pasientar, poliklinikk for unge, vaksenpoliklinikk, ambulante tenester og vurderingseining for alle tilvisingar til rusbehandling i Helse Bergen sitt nedslagsfelt.
Klokkarvik er ein del av Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen HF. Institusjonen ligg i naturskjønne omgjevnader, 40 minuttar køyring frå Bergen sentrum. Vi gir eit tverrfagleg tilbod til 18 mannlege pasienter.
Vi har ledig vikariat for Overlege i 100 % stilling.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar
- Kunnskapsformidling internt og eksternt
- Samarbeid i tverrfagleg team
- Medverke til utvikling av tenestetilbodet
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
- Erfaring med arbeid innan rusbehandling og psykisk helsevern vil vere ein førdel
- Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg (det vert krevd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
- God skriftleg dokumentasjonsevne
Personlege eigenskapar
- Du er personleg eigna til stillinga
- Du kan arbeide sjølvstendig, men som søkjer råd ved behov, og som kan fungere godt i ei tverrfagleg arbeidsform
- Du har interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Vi tilbyr
- Rettleiing av erfarne overlegar
- Variert, utfordrande og lærerik teneste
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Ei god pensjonsordning
- Triveleg arbeidsmiljø
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.