Kort om arbeidsgiver
Ledig legestilling med fastløn - Sauherad legesenter

Omtale av arbeidsstaden
Det er ledig fastlegestilling med fast lønn. Ved interesse frå søkar med ønskje om privat legedrift, opnar vi opp for å kunne leige seg inn som sjølvstendig næringsdrivande ved kontoret.
Listelengde på ca. 800 pasientar som kommunalt lege med fastløn.
 
Gvarv legesenter har 5 legeheimlar og 1 turnuslege, og dyktige og erfarne helsesekretærar.
Ein har her moglegheit for å vere med i ein spanande prosess med utvikling av fastlegetenesten i kommunen, saman med engasjerte fastlegar og turnuslege. Gvarv legesenter flytter inn i nye og moderne lokale våren 2022.
Gvarv legesenter er kommunalt drifta.
 
Arbeidsoppgåver
Allmennpraksis etter gjeldende avtaleverk. 
Deltaking i kommunens legevakt, som er eit interkommunalt samarbeid mellom Midt-Telemark, Notodden og Hjartdal, med bemanna legevaktsentral på Notodden.
Ved inngåelse av privat avtale om fastlegeheimel med kommunen, vil den som mottek stillinga også forplikte seg til offentleg legearbeid i inntil 7,5 timer per veke etter kommunalt behov.
 
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon og kjennskap til norsk helsevesen. Primært søker vi spesialist i allmennmedisin, eller lege som er i gang med spesialisering i allmennmedisin.
God evne til bruk av norsk skriftleg og munnleg.
Erfaring frå kommunehelsetenesten og fastlegeordninga er ein fordel. 
Ved tildeling av heimel vil det leggast vekt på faglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner.
Søkjarane må ha førerkort kl B, og kunne stille bil til disposisjon.
 
Særskilt for stillinga
I tråd med Helsepersonelloven vil det bli krevd politiattest.
Løn for kommunale oppgåver og arbeidsvilkår(tilplikting inntil 7,5t. pr. veke) etter gjeldande lov og avtaleverk, for legar som evt. leiger seg inn for sjølvstendig drift.
 
Lønn i kommunal stilling
Du vil få tilbod om gode løns -og arbeidsvillkår som tilsett i legehjemmel med fastløn. I tillegg vil du beholde 15% av den Helfo-refusjonen du initierer via refusjonssystemet opp til kr. 700 000,-, og 30% av det over kr. 700 000,-
 
Offentleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Midt-Telemark kommune vil varsle søkjara som har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.
 
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet
 
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
 
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune
Kontaktpersoner
Navn: Jørund Verpe
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 90635444
Navn: Kristin Sekse
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 409 13 939
Navn: Ruth Hogstad Erikstein
Tittel: Fastlege og tillitsvald
Telefon: 959 46 207
Arbeidssted
Sauherad Legesenter
Gvarvgata 69
3810 GVARV
Søk på stillingen