Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Nevrologi og klinisk nevrofysiologi ved Molde sjukehus har behov for å styrke LIS-bemanninga med tre vaktkompetente legar i spesialisering.
Seksjonen omfattar sengepost, dagbehandling og poliklinikk. Sengeposten har 16 sengar fordelt på 10 nevrologiske og 6 slagpasientar, vi nyttar sengar i felles intensiveining. I vaktordninga inngår 10 LIS, det er 9-delt vakt for overlegar. Vi har klinisk nevrofysiologisk laboratorium med førebels ein klinisk nevropsykolog, og spesialsjukepleiarar innan fleire fagfelt som MS og epilepsi, samt tverrfagleg ryggpoliklinikk. Seksjonen har to nevropsykologar. Det føregår klinisk forsking innan fleire fagområde.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling.
Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har
fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar
seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader
Les meir om Romsdalen og Molde her.
Er dette noko for deg er du velkomen til å søkje på stillinga!
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Arbeidsoppgåver
- Etter ein introduksjonsperiode utan vakt, inngår du i 10-delt døgnkontinuerleg tilstade-vaktordning.
- Øvrige arbeidsoppgåver er postarbeid, arbeidsoppgåver knytt til dagposten med elektive spinaølpunksjonar, mottak av elektive pasientar, poliklinisk arbeid basert på eit opplegg med "emnepoliklinikk", dagar ved tverrfagleg ryggpoliklinikk, mm.
Kvalifikasjonar
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning.
- Det er ønskeleg med erfaring og interesse for faget nevrologi.
- Søkjar med behov for sideutdanning.kan også søkje.
- Søkjar må kunne meistre eit nordisk språk
Andre opplysningar
- Dersom det ikkje er aktuelle søkjarar, vil vi vurdere å tilsette cand.med. som venter på LIS 1-stilling
- Tidspunkt for oppstart etter nærmare avtale, om mulig gjerne før 01.09.22
Personlege eigenskapar
- Det vert ved tilsetting lagd vekt på gode evner til samarbeid
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår