Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Ønskjer du å bli vår nye kollega? Vi kan tilby meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å jobbe med barn og ungdom med psykiske lidelsar av ulike slag.
BUP Ålesund har ledig fast stilling for lege i spesialisering frå snarast, oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar.
Poliklinikken (BUP) er samlokalisert med akutteininga (ungdomspsykiatrisk døgnseksjon) UPD og har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira. Personalet ved poliklinikken er sett saman av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografisk organiserte team. I tillegg har vi eit småbarnsteam og eit akutt-ambulant team. Vi kan vere fleksible i forhold til hvilke team ein vel å arbeide i.
- Tilsetting vil kunne føre til godkjent og teljande teneste i spesialiteten barne- og ungdomspsykiatri.
- Avdelinga vil sikre alle delar av utdanningsvilkåra. Legen vil kunne delta i lokal og regional LIS-utdanning.
Attestar/tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold må lastast opp som vedlegg til CV/søknad
Arbeidsoppgåver
- Som lege i spesialisering vil du arbeide med varierte arbeidsoppgåver, slik at du kan opparbeide deg den kunnskapen og erfaringa som trengs for å bli ein god spesialist.
- Sentrale arbeidsområder er utgreiing, medisinering, terapi, vegleiing av føresette og vegleiing av samarbeidande instansar.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer primært etter deg som ønskjer å bli spesialist i barne- og ungdomspsykiatri,
men også andre legar er velkomne til å søkje, t.d. legar som spesialiserer seg
innen allmennmedisin eller vaksenpsykiatri.
- For å kunne gjere ein god jobb må du mestre norsk språk svært godt, både muntleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Vi er interessert i å komme i kontakt med legar som har gode relasjonelle eigenskapar. Dette betyr evne til å kome i kontakt med andre, kommunisere godt og framstå som ein trygg og kompetent vaksen.
- Ha evne til tilpassing i eit større fagmiljø der vi arbeider tett med kvarandre, har ulik utdanning og saman skaper det tilbodet pasienten har behov for. Vi treng fleksible, konstruktive fagpersoner som arbeider godt saman med andre.
- I tillegg ønskjer vi oss gjerne ein nysgjerrig, glad og kunnskapsrik kollega i eit miljø der vi alle arbeider med kontinuerlig fagutvikling.
Vi tilbyr
- Ved poliklinikken tilbyr vi spesifikke behandlingstilbod for psykose (PEF), traumer (TF-CBT), spiseforstyrrelse (FBT), OCD- og angstbehandling innenfor 4-dagers formatet samt gruppebehandling (MBT-basert) for ungdom. Desse er knytta til ressursgrupper i avdelinga vår.
- Som lege i spesialisering vil du ta del i avdelinga sitt utdanningsprogram. Vi har eit tett og godt samarbeid i avdelinga, med mange strukturar på tvers av seksjonane.
- BUP Ålesund har tett samarbeid med, og kort fysisk avstand til, barne- og ungdomsavdelinga (inkludert barnehabiliteringstenesta). Dette gjer samarbeidet med andre nærliggande fag enklare
- Lønn etter gjeldande overeinskomstar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt arbeidsmiljø med tett tverrfagleg samarbeid