Kort om arbeidsgiver

Det er frå august/september 2022 ledig 6 månaders vikariat i stilling for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga. Vikariatet er ved Kysthospitalet i Hagevik.

Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk innkluderar Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet i Hagevik. Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Dei store pasientgruppene treng i hovudsak ryggkirurgi, protesekirurgi eller ulike former for artroskopisk kirurgi. Sjukehuset har sengepost med 28 senger, og 4 operasjonsstover. 

Avdelingane er tilknytta Det Medisinsk Fakultet, Klinisk institutt 1 ved UiB og har ansvar for undervisinga av medisinarstudentar. Legane må derfor delta i undervising etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidstid og vaktplan etter ein godkjend tenesteplan

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i stilling i ortopedisk kirurgi
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
  • Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Beslutningsdyktig
  • Fleksibel
  • Engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.   

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Kari Indrekvam
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 56565800
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kysthospitalet i Hagevik (KiH), Helse Bergen
Kysthospitalet i Hagevik
5217 Hagavik