Kort om arbeidsgiver

Klinikk for sikkerheitspsykaitri er samansett av 5 seksjonar, Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon fengselshelseteneste og Kompetansesenter for sikkerheits,- fengsels- og rettspsykiatri.

Lokal sikkerheitsavdeling har i dag 8 sengeplassar og tar imot personar med alvorlege sinnslidingar og stor risiko for alvorleg valdeleg åtferd overfor andre, eventuelt med tilleggsproblem som alvorleg personlegdomsforstyrring og rusmisbruk. Det er nyleg oppretta ein sikkerheitspsykiatrisk poliklinikk som også skal ha eit dagtilbod og yte ambulante tenester. Dette gjer eit utvida og meir heilskapleg tenestetilbod til pasientar underlagd dom til tvungen psykiske helsevern, og andre pasientar under tvungen psykisk helsevern som utgjer fare for andre. Det vil sikre eit meir differensiert pasientforløp for denne pasientgruppa. Oppretting av dagavdelingstilbod og ambulante tenester vil vere med på å styrkje rehabiliteringsarbeidet, og sikre ei trygg tilbakeføring av den enkelte pasient til sin heimkommune. Dette vil betre pasientbehandlinga og sikre samfunnsvernet. Utvikling av det ambulante tenestetilbodet skal skje i samarbeide med kommunane. Det skal etablerast felles ansvarsgrupper, rettleiing i enkeltsaker, og undervising i valdsrisiko og samfunnsvern.

Vi søkjer etter to overlegar, ein til poliklinikk og ein til sengepost, som ønskjer å ta del i å byggje opp nye gode tenestetilbod for sikkerheitspasientar.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar
  • Ansvar for vedtak etter psykisk helsevernlova
  • Gjere utgreiing av risiko for vald
  • Gje rettleiing til øvrig personell og delta i det tverrfaglege arbeidet ved klinikken
  • Utstrakt samarbeid med dei andre Klinikkane i Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen, primærhelsetenesta og kommunale butilbod
  • Undervising og rettleiing til kommunale helsetenester og øvrig spesialisthelseteneste
  • Arbeidsoppgåver tilknytta rettspsykiatriske døgnobservasjonar må påreknast
  • Det kan bli aktuelt å påta seg utgreiings- og/eller behandlingsansvar for pasientar ved andre seksjonar i Klinikken

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen med spesialitet innan psykiatri eller lege i sluttfasen av spesialistutdanning
  • Interesse for fagutvikling
  • Interesse for rehabilitering og rettspsykiatriske emne
  • Norsk autorisasjon
  • God formidlingsevne
  • Vandelsattest må leggjast fram før tilsetjing

    Personlege eigenskapar

    • Inkluderande samarbeidsstil
    • Evne til å inspirere medarbeidarar
    • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
    • Kan trivast med å arbeide i team med ei krevjande pasientgruppe

    Vi tilbyr

    • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt som gjev gode utviklingsmoglegheiter for den rette personen
    • Godt arbeidsmiljø
    • Løn etter avtale
    • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

    Mangfaldserklæring
    Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Stillingskategori
    Overlege/spesialist
    Arbeidsgiver
    Helse Bergen
    Kontaktperson
    Navn: Agnete Fossbakk
    Tittel: Avdelingsoverlege/seksjonsleiar
    Telefon: 55958541
    E-post: agnete.fossbakk@helse-bergen.no
    Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
    Arbeidssted
    Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk for sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen
    sandviksleitet 1
    5036 Bergen