Nyoppretta stilling med ansvar for fengselspoliklinisk virksomheit/TSB poliklinkk
Innsette i norske fengsel har på lik linje med resten av befolkninga rett til naudsynt helsehjelp i spesialisthelsetenesta.
På oppdrag frå Helse Vest og Helse- og omsorgsdepartementet opprettar Haugaland DPS i desse dagar eit tverrfagleg team som skal utøva spesialisthelsetenestar til dei innsette i Haugesund og Sandeid fengsel.
Me søkjer ein overlege eller psykologspesialist som vil vere med å utvikle dette arbeidet, samarbeidet med kommunehelsetenestane og fengslene, til det beste for dei innsette.
Det tverrfaglege teamet vil bestå av psykologspesialist/overlege, behandlar frå tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) og lege i spesialisering.
Arbeidet er avgrensa til ordinær planlagt verksemd, og vil blandt anna bestå av stadlige tenester i fengslene, gjennomføring av digitale konsultasjonar, rettleiing og tverrfaglege drøftingar på tvers av instansane.
Ein del av stillinga vil vera knytta til den kliniske verksemda i fengsla, resten vil vera knytta til ordinær poliklinikk. Stillinga i sin heilhet vil vera forkankra i poliklinikk.
Kven er me?
Haugaland DPS har lokaler sentralt i Haugesund og på Karmøy. Me gir eit bredt behandlingstilbod som omfattar tverrfagleg rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikker, FACT, ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) samt fleire døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.
Haugaland DPS har eit robust fagmiljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, legar og psykologar under spesialisering, samt høgskuleutdanna med videreutdanning.
Haugaland DPS, er i eit større bilete underlagt klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, og me dekkjer eit samla opptaksområde på omkring 100.00 innbyggjarar.
Intervju kan bli gjennomført fortløpande i utlysningsperioden.
Mangfaldserklæring:
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.