Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Vi har ledig vikariat, frå 01/09-2022 for lege i spesialisering (LIS 2) innan fødselshjelp og kvinnesjukdom ved kirurgisk klinikk, seksjon for gynekologi i eit 6 måneders vikariat. Stillinga inngår i 8-delt tilstadevaktteneste. Mogleg forlenging. Anna vikariat kan bli ledig, skriv i søknaden om dette er av interesse.
Den som blir tilsett vil få individuell utdanningsplan.
Seksjonen har 8 overlegestillingar og 8 LIS-stillingar. Avdelinga har 1500 fødslar årleg med fødande frå Haugesundsregionen, samt risikofødslar frå Stord og Odda. Avdelinga har høg kvalitet i både gynekologi og fødselshjelp. Fertilitetseininga ved Helse Fonna er mellom dei fremste i landet.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid i fagområdet fødselshjelp og kvinnesjukdommar.
- Inneber arbeid med både gynekologi og obstetrikk.
Kvalifikasjonar
- Relevant sjukehuserfaring vil bli vektlagd.
- Gyldig norsk autorisasjon som lege.
- Krav om gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert.
- Sjølvstendig.
- Nøyaktig.
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team.
- Gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Høgt fagleg nivå.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift).
- Fagleg og personleg utvikling.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad