Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde, Sunnfjord kommune. Ein har gode kommunikasjonsmoglegheiter både til Oslo og Bergen, både med fly og buss. Om du likar shopping, trening på treningsssenter, forskjellige idrettar eller turar i skog og fjell, så er dette fasilitetar du har lett tilgjengeleg like i nærleiken. Les meir om Sunnfjord kommune og kva vi kan tilby deg i regionen vår. 

Hudavdelinga i Helse Førde har ledig fast stilling for LIS3 frå snarast.
Arbeidsstad er Hudpoliklinikken ved sentralsjukehuset i Førde. Avdelinga har og mindre einingar ved Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus, i Florø og i Sogndal. Desse har i hovudsak lys- og sårbehandling. Lege i Førde ambulerer regelmessig til desse poliklinikkane.

Les meir om Helse Førde.

Arbeidsoppgåver

  • Hudavdelinga har ansvar for utgreiing og behandling av hudlidelsar for befolkninga i Sogn og Fjordane.
  • Store pasientgrupper er mellom anna: utgreiing og behandling av basaliom og solare keratoser, malignt melanom, allergiutgreiing, ulike eksemtilstandar, psoriasis, acne, ulike typar sår. Biopsitaking og mindre kirurgiske inngrep
  • Avdelinga nyttar telemedisin aktivt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå fagområdet er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø!
  • Avdelinga har samarbeid med Helse Bergen om 18 månader teneste ved Hudavdelingen, Haukeland universitetssykehus som del av spesialiseringen.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Trude Lindesteg
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 578 30 461
Navn: Ingvild Sunniva Helgheim Hatten
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 578 30 461
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Hud avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde