Kort om arbeidsgiver

Psykiatrisk klinikk er ein klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen, og består av seks avdelingar: Psykiatrisk akuttmottak, Avdeling for stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling, Avdeling for spiseforstyrringar, Avdeling alderspsykiatri og Avdeling for psykosomatisk medisin. Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) består av 5 døgnseksjonar som driv spesialisert utgreiing og behandling av pasientar med ulike psykoselidingar, og har òg ein poliklinikk.

Avdeling spesialisert psykosebehandling har vore i stor fagleg utvikling dei seinere åra, og tilbyr spissa psykosebehandling (inkludert spesialisert kognitiv terapi ved psykoselidingar) for nysjuke pasientar og pasientar med komplekse lidingar.

Ambulant UUP team er ein del av Fageining for Utviklingshemming, Utviklingsforstyrringar og Psykisk liding. Eininga består også av avdeling kompleks rehabilitering med to sengeplassar for målgruppa. UUP teamet er knytt til avdeling spesialisert psykosebehandlings spesialpoliklinikk og blir rekna som 3. linetjeneste. Fagområdet er under sterk utvikling og har som hovudfokus å styrkje tilbodet til denne pasientgruppa i psykisk helsevern. Tilvisingar frå DPS, Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og frå resten av psykiatrisk klinikk. UUP teamet arbeider hovudsakleg ambulant og areafleksibelt. Pasienten treffast i heimen. Tverrfagleg samarbeid med kommunalt personale, pårørande, HAVO, DPS og fastlege. UUP teamet består av psykiater (100 %) og psykolog/psykologspesialist (100+50 %). Det blir no ledig psykiaterstilling i UUP teamet.

Arbeidsoppgåver

  • Sentralt i arbeidet er kartlegging, diagnostisering og behandling av psykisk liding hos personar med utviklingshemming og ASD med relevante kartleggingsverktøy, i samarbeid med UUP teamets psykologspesialistar
  • Vurdering og utgreiing av medisinske forhold og medikamentell behandling i samarbeid med HAVO, Fastlege eller DPS
  • Vurdering av juridiske forhold, m.a. oppfølging av pasientar under tvungen psykisk helsevern utan døgnopphald
  • Gi rettleiing og vere samarbeidspartnar for psykisk helsevern, HAVO, kommunalt personale og pårørande
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Deltaking i lokalt og nasjonalt fagnettverk
  • Bidra til kunnskapsformidling internt og eksternt
  • Medverke til utvikling av tenestetilbodet og fagområdet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Erfaring
  • Sentralt i arbeidet er kartlegging, diagnostisering og behandling av psykisk liding hos personar med utviklingshemming og ASD med relevante kartleggingsverktøy, i samarbeid med UUP teamets psykologspesialistar
  • Vurdering og utgreiing av medisinske forhold og medikamentell behandling i samarbeid med HAVO, Fastlege eller DPS
  • Vurdering av juridiske forhold, m a. oppfølging av pasientar under tvungen psykisk helsevern utan døgnopphald
  • Gi rettleiing og vere samarbeidspartnar for psykisk helsevern, HAVO, kommunalt personale og pårørande
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Deltaking i lokalt og nasjonalt fagnettverk
  • Bidra til kunnskapsformidling internt og eksternt
  • Medverke til utvikling av tenestetilbodet og fagområdet og /eller personar med utviklingshemming
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
  • Erfaring med forsking er ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Engasjement for faget og interesse for pasientgruppa
  • Fleksibilitet
  • Du arbeider strukturert og målretta
  • Du trivast med varierte utfordringar
  • Du er fleksibel og kommuniserer godt
  • Du er opptatt av samarbeid og blir sett på som ein bidragsytar i samarbeid med andre

Vi tilbyr

  • Vi kan tilby konkurransedyktige vilkår
  • Moglegheit for deltaking i førelesingsserie arrangert av Regionalt Fagmiljø (Helse Vest) for Autisme, ADHD, Tourette og narkolepsi  Konkurransedyktige vilkår
  • Allsidig og fleksibel arbeidssituasjon
  • Avdelinga har godt kollegialt og tverrfagleg fellesskap med betydeleg kompetanse i psykosefeltet og nært forhold til forsking
  • Fagnettverk: UUP teamet deltar i nasjonalt nettverk for utgreiing og behandling i regi av NKUP (Nasjonalt kompetanseenhet for utviklingshemming og psykisk helse) og er sentral aktør i lokalt fagnettverk for ASD og utviklingshemming og Psykisk liding i samarbeid med Regionalt fagmiljø (Helse Vest) Autisme, ADHD, Tourette og Narkolepsi


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Rune Andreas Kroken
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55958400
Navn: Margaret Mary Strand
Tittel: Ass. avdelingssjef
Telefon: 55958460
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Divisjon psykisk helsevern/ Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillingen