Kort om arbeidsgiver
Kunne du tenkje deg eit år som lege i fjellbygda Lom?

Fordi ein av våre dyktige legar skal ha eit års permisjon, treng Lom kommune ein dyktig lege i eit 100% vikariat i eitt år.

Det er moglegheit for fastløn eller næringsdrift etter ynskje frå den som blir tilsett. Ynskjeleg med tiltreding 15.08.22. Dersom den som blir tilsett ynskjer overlapping med legen som skal i permisjon, kan tilsetting tidlegare vere en moglegheit. Stillinga er organisert under legetenesta, Helse og velferd, Lom kommune.

Vi ynskjer ein person som har gode samarbeidsevner og som er personleg eigna for stillinga.

Det blir kravd at den som vert tilsett er løysingsorientert, offensiv og inkluderande i sitt arbeid, både i høve til kollega, pårørande og pasientar.

Arbeidsoppgåver
  • Fastlegeoppgåver med akuttansvar på enkelte dagar. Listestorleik for stillinga er 701 pasientar.
  • Sjukeheimslege ved Lom helseheim, 10 timer per veke, fordelt på 1,5 dag.
  • Deltaking i regional legevakt, lokalisert på LMS Otta (60 km unna) (kveld/helg).
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo.
  • Beherske skandinavisk språk skriftleg og munnleg.
Legetenesta nyttar journalsystemet InfoDoc.

Høyrest dette spennande ut?
Søk jobb hjå ein triveleg gjeng på Lom helsesenter! Du finn elektronisk søknadsskjema her. Søknadsfrist er sett til 08.05.2022

Nærare opplysningar om stillinga får du av leiar for legetenesta, Hege Kirkestuen Melby på tlf. 904 13 339
  • Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
  • Namn på søkjarar vil bli offentleggjort.
  • Krav om politiattest av ny dato
Vi ser fram til å høyre frå deg! 
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Lom kommune
Helse og velferd
Kontaktperson
Navn: Hege Kirkestuen Melby
Tittel: Leiar for legetenesta i Lom kommune
Telefon: 904 13 339
E-post: Hege.Kirkestuen.Melby@lom.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Lom helsesenter
Sognefjellsvegen 6
2686 LOM