Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Spesialist i barne- og ungdomspsykiatri
BUP Haugesund gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekkjer 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal). BUP har 2 poliklinikkar som har kvar sine geografiske område. BUP Haugesund har poliklinikk, ungdompsykiatrisk post og barnepsykiatrisk post. Døgnpostane har akuttfunksjonar, og dekker heile Helse Fonna sitt opptaksområde. BUP Haugesund har akuttfunksjonen og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar.
BUP Haugesund har 56 behandlarstillingar. Av desse er 9 overlegar og 6 legar i spesialisering. BUP Haugesund er godkjent som 4-årig utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri.
Vi har no ledig 1 fast overlege-stilling knytta til poliklinikken ved BUP Haugesund
Vi ønskjer oss en entusiastisk og engasjert lege som vil vere med å styrkje fag og pasientforløp.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom 0-18 år (pakkeforløp)
- Delta i bakvaktordning for legar, veiledning LIS og undervisningsoppdrag.
- Kontakt med og rettleing av foreldre og instansar rundt barn og unge
Kvalifikasjonar
- Må ha dokumentert norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning innen barne- og ungdomspsykiatri
- Må ha gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå BUP og førstelinjetenesta er ønskjeleg.
- Kjennskap til lokale samarbeidspartnere blir vektlagde i vurderinga.
Personlege eigenskapar
- Evne til samarbeid og formidling av kunnskap
- Arbeide strukturert og sjølvstendig
- Kreativ, nytenkjande og fleksibel
- Personlege eigenskapar blir vektlagde
Vi tilbyr
- Eit godt fagmiljø med fokus på fag og kvalitetsforbedring
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
- Regelmessig internundervisning
- Arbeid i tverrfagleg team
- Sosiale aktiviteter som felleslunj
- Lønn etter gjeldande overeinkomst
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
Språk