Kort om arbeidsgiver

Ved Eldremedisinsk avdeling, Haugesund sjukehus, er det ledig fast 100 % overlegestilling for spesialist i geriatri.

Helse Fonna har til omlag 280 somatiske senger fordelt på 3 sjukehus. Foretaket har eit godt arbeidsmiljø med stor fagleg entusiasme. Avdeling for eldremedisin ved Haugesund sjukehus er organisert i Klinikk for medisin Haugesund og Odda. Avdelinga tilbyr spesialiserte somatiske og psykiatriske tenester innan faga geriatri og alderspsykiatri i tillegg til ein indremedisinsk observasjonspost. Avdelinga består av; Eldremedisinsk post alderspsykiatri (8 senger), Eldremedisinsk post geriatri (8 senger), Medisinsk observasjonspost (5 senger + 4 stolar), Eldremedisinsk poliklinikk geriatri, Eldremedisinsk poliklinikk alderspsykiatri, samt eit akuttgeriatrisk vurderingsteam under oppstart.

Til Eldremedisin post geriatri, Eldremedisinsk poliklinikk geriatri og akutt vurderingsteam er det ledig stilling som overlege med spesialisering i geriatri. Gjerne med interesse for forskning. Fagområdet geriatri driv pr i dag poliklinisk verksemd og sengepost med åtte senger. Vi tilbyr tenester til heile opptaksområdet i Helse Fonna, med rundt 180 000 innbyggjarar. Einingane er godkjent som gruppe II-utdanningsavdeling i geriatri. I tillegg er fagområdet geriatri eindel av  LIS2 utdanninga i indremedisin der LIS under spesialisering i indremedisin roterer mellom dei indremedisinske fagområda. Det same gjeld for fagområdet alderspsykiatri og LIS3 utdanning i psykiatri.

Haugesund sjukehus bygger nytt sjukehus og det vert i nytt bygg trinn to i 2025 ei felles sengeeining for eldremedisin som skal ha 18 eldremedisinske inkludert ortogeriatriske, alderspsykiatriske og akutt geriatriske senger, samt ei eige skjermingseining tilpassa pasientgruppa. Avdelinga har fleire engasjerte spesialistar som kombinerar klinisk arbeid med klinisk forskning, og det er gode moglegheter i foretaket for dei som skulle være interessert i å kombinere dette. 


Arbeidsoppgåver

  • Drifting og utvikling av ulike geriatriske tilbod i avdelinga.
  • Vi samarbeider med omliggende kommunar i ulike geriatriske tilbod, mellom anna tverrfaglege drøftingar, ambulerande verksemd m.m.

Kvalifikasjonar

  • Vi søker deg som fortrinnsvis har klinisk og formal kompetanse innan indremedisin med grenspesiale i geriatri.
  • Har oppdatert kunnskap innan fagfeltet, gjerne med ytterliggare spesialisering i geriatriens subområder.
  • Søkjarar i slutten av sitt spesialistløp innan geriatri vil kunne vurderast.
  • Norsk autorisasjon som legespesialist må fortrinnsvis føreligge på søknadstidspunktet.
  • Må kunne beherske norsk for skriftleg og munnleg kommunikasjon eller være villig til å lære seg dette før oppstart.
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Bidrar til eit positivt faglig og kollegialt miljø.
  • Har god fagleg vurderingsevne, og har stor interesse for fagfeltet.
  • Kommuniserer og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kolleger.

Vi tilbyr

  • Utfordrande og variert arbeid.
  • Eit godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre eininger.
  • Moglegheit for klinisk forskning
  • Konkurransedyktig lønn i samsvar med gjeldande avtalar.
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg.
  • Ønsker ikkje å bli kontakta frå andre annonsørar.

 

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktperson
Navn: Nina Anette Hauge
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: (+47) 90080595
E-post: nina.anette.hauge@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for eldremedisin, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 Haugesund