Nevrologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus, har ledig 4 vikariat for lege i spesialisering i Nevrologi, med varigheit 12 månader. Oppstart for vikariata er 28. august, men tidlegare eller seinare oppstart kan avtalast nærare. Det kan vere gode høve til forlenging og spesialisering i Nevrologi. Vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga.
Nevrologisk avdeling driv akuttbehandling, kompleks utgreiing og rehabilitering av nevrologiske lidingar. Avdelinga har ein akuttpost med 30 senger (inkludert slageining), ein dagpost, ein rehabiliteringspost for ryggmargsskader og ein poliklinikk. Nevrologisk avdeling samarbeider med dei andre akuttavdelingane i sjukehuset om mottak av akuttpasientar i felles akuttmottak. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialist-utdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Avdelinga har om lag 30 legeårsverk.
I avdelinga arbeider LIS i team med overlegar, sjukepleiarar og personell frå fleire tverrfaglege grupper, som kvar dag gjer sitt beste for å gje pasientane god utgreiing og behandling. Det gode samarbeidet mellom dei ulike yrkesgruppene er avgjerande for resultatet og vi jobbar støtt med å forbetre arbeidsprosessane. I Nevrologisk avdeling har vi også eit av landets fremste forskingsmiljø innanfor nevrologi, og gode høve for å kombinere klinisk spesialisering og forsking i tilpassa løp.
Kvar LIS får eigen rettleiar. Vi legg vekt på at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig. LIS får tidleg erfaring med poliklinisk utgreiing og oppfølgjing, under tett supervisjon frå erfarne spesialistar. LIS får tilbod om kurs og deltar i internundervising i følgje utdanningsplanen.
Avdelingssjefen er leiar for legegruppa og arbeider saman med legekollegiet for å skape eit trygt og sterkt fag- og arbeidsmiljø. Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.