Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Helse Fonna søker spesialist innan mammae-/endokrinkirurgi.
Føretaket har tatt over ansvaret for brystscreeningen i opptaksområdet ved årsskifte 2019/2020. Det har medført ei økning av talet på brystkrefttilfellar som skal utgreies, behandles og følges opp lokalt. Til det treng vi fleire spesialistar. Vi har eit godt og aktivt tverrfagleg miljø med høy kompetanse. Det er en fordel om søkjaren har plastikk kirurgisk kompetanse/erfaring.
Oppstart etter avtale.
Haugesund er ein by du kan oppleve noko av det beste Noreg har å by på. Regionen strekk seg frå det opne havet i vest til fjord-og fjellandskapet i aust. Her finn du både fjord, foss, fjell, idyllisk øysamfunn og ei unik vikinghistorie.
Byen har eit rikt liv med fleire festivalar og moglegheit for aktiviteter som dykking, sandvolley og surfing. Haugesund er ein by med mange opplevingar på menyen.
Haugesund ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og det er god transport mellom byane. Bergen når du på ca 3 timar, medan Stavanger bare er 1,5 time unna. Haugesund har eiga lufthamn med fly til nasjonale og internasjonale destinasjonar.
Arbeidsoppgåver
- Deltakelse i pasientforløp gjennom utredning/diagnostikk, operasjon og oppfølging.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og godkjenning som spesialist i mammae-/endokrinkirurgi
- Søkjar må ha kunnskap om aktuelle elektroniske fagsystem
- Gode språkkunnskapar er viktig for god pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell).
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer ein fagleg dyktig medarbeidar med gode evner til kommunikasjon, med pasientar, pårørande og kollegaer.
- Vi ynskjer ein medarbeider som er samarbeidsvillig og som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Ein medarbeider som vektlegg å arbeide i team og få til gode resultat i fellesskap med kollegaer.
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
Vi tilbyr
- Eit godt fagmiljø
- Samarbeidet med Haukaland universitetssjukehus kan gje moglegheit for å delta i forskingsprosjekt.
- Lønn etter individuell avtale i samsvar med gjeldande overenskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
Språk