Kort om arbeidsgiver

Haugaland DPS sin TSB poliklinikk / Rus poliklinikk blir styrka med overlegekompetanse. Vi søkjer etter deg med interesse for rus og avhengighetsmedisin, og som vil vere med å utvikle vår helseteneste vidare.

 

Vi søkjer deg som ønsker å gi gode tenester til pasientar med ruslidelsar, og som har eit heilhetleg blikk på ruspasientars helse. Vi har eit spennande fagmiljø som gir gode moglegheitar for fagleg utvikling, og som verdsetjar personleg engasjement i faget. Avhengig av utgangspunktet ditt som søkjer vil vi leggje til rette for vidare spesialisering, og vurdere sammensetning av din kompetanse i det legefaglege teamet.

Haugaland DPS har lokaler sentralt i Haugesund og på Karmøy. Vi gir eit breidt behandlingstilbud som omfattar rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikker, FACT, ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) samt flere døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.
Hos oss er det ein unik moglegheit til å bidra i fagutvikling. Vi har eit nyoppretta FACT rus team i poliklinikken, og stillinga vil blant anna innebera bistand inn i FACT. Der har vi pasientar som sliter med å følgje opp sin helse hos fastlege, så det vil også vere behov for somatiske avklaringar. I tillegg vil stillinga ha arbeidsoppgåver inn mot tverrfagleg inntaksteam, tverrfaglege kliniske drøftingsmøter og direkte pasientbehandling.

Haugaland DPS har eit robust fagmiljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, legar og psykologar under spesialisering, samt høyskoleutdannede med vidareutdanning. Haugaland DPS inngår i klinikk for psykisk helsevern saman med Stord og Folgefonn DPS og to avdelingar for spesialisert behandling: Valen og Haugesund. Det er eit godt samarbeid internt i klinikken og med eksterne fagmiljø og samarbeidspartnere. Les meir om klinikken på https://helse-fonna.no/avdelinger/klinikk-for-psykisk-helsevern.


Haugesund ligg sentralt plassert på Vestlandet med kort veg til vakre naturopplevingar på havet og i fjellet. Byen har eit rikt kulturliv med kjente festivalar som Sildajazz og filmfestivalen. Regionen er sterk på maritim virksomhet, og her finn du solide næringslivsaktører, gründare og store statlege instanser som Sjøfartsdirektoratet og Kystverket. Høgskulen på Vestlandet har to campus i vårt område, Haugesund og Stord. Dei tilbyr utdanning innan helsefag, økonomi/administrasjon, HMS, ingeniør og sjøfart. 
Vi har kort veg til storbyene Bergen og Stavanger, og vår lokale flyplass har gode forbindelsar med daglege avgangar til inn- og utland.


Intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløypande.

 

Arbeidsoppgåver

  • Utredning, diagnostisering og behandling av pasientar
  • Tverrfaglig klinisk arbeid i team
  • Rettleiing og internundervisning 
  • Mulighet for deltagelse i felles bakvaktsordning med Haugesund sykehus
  • Deltagelse i samhandling med pårørande, kommunehelsetenesta og andre samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjent spesialisering i allmennmedisin, rus og/eller psykiatri
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Strukturert
  • God kommunikasjonsevne
  • Vere ein god teamarbeider
  • Må trivast i eit aktivt miljø med varierte utfordringar
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • En arbeidsplass som er i inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Kompetanseutvikling og vidareutdanning 
  • Mulighet for deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling 
  • Sterkt faglig fellesskap med godt arbeidsmiljø
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjer gi til kjenne dette i søknaden

Mangfoldserklæring:
Foretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spelle mangfoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillinger uansett kjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom en har hatt et lengre opphold fra arbeidslivet. Foretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderende rekruttering.

 

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Ingrid Camilla Aasbøe Heggland
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 95767168
Navn: Endre Bø Blindheim
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 95244057
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Floravegen 75
5535 HAUGESUND