Alver kommune er berre ein rask tur med «pendlarbåten», eller ca. 30 min i bil unna Bergen sentrum. Vi har både vakker natur og trivelege strilar i nabolaget, og det kan hende du blir freista til å flytte hit. Alver kommune er ein geografisk stor kommune, og det bur omlag 30 000 innbyggjarar her. Administrasjonssenteret til kommunen ligg i Knarvik.

Vi søkjer no etter lege til fleire ulike stillingar i kommunen, og vi ønskjer gjerne å komme i kontakt med deg som ser på Alver kommune som ein aktuell arbeidsplass.

Vi ønskjer å finne gode løysingar både for deg og oss med tanke på kva type arbeid du er motivert for, kva stillingsstørrelse du ønskjer, og om du helst ønskjer fast stilling eller vikariat. Vi har primært behov for legar til fastlegetenesta, men dersom du ønskjer å arbeide innan offentleg legearbeid som sjukeheimstenesta, helsestasjon, eller på Nordhordland legevakt er vi og interessert i å høyre frå deg.

Vi har pr. no fleire ledige stillingar i kommunen:
  • Fastlege eller ALIS lege i 100 % stilling på Knarren legesenter
  • Fastlege eller ALIS lege i 60-100 % stilling ved Frekhaug legesenter
  • Lege i 50 – 100 % stilling til migraarbeid
Les meir om stillingane på Alver kommune sine heimesider: https://alver.easycruit.com
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktpersoner
Navn: Bente Karin Bø Taule
Tittel: Avdelingsleiar legeteneste
Telefon: +47 47459725
E-post: bente.bo.taule@alver.kommune.no
Navn: Tord Moltumyr
Tittel: Tenesteleiar lege – og rehabiliteringsteneste
Telefon: +47 95118589
E-post: tord.moltumyr@alver.kommune.no
Arbeidssted
,
5918 FREKHAUG